Då vart eg ferdig før påske og det i god tid. Vinterkappa har eg nekta å ta ned før eg hadde sydd noke nytt.
Derfor måtte eg bli ferdig før påske, og her er den.
Tidlegare hadde vi to kjøkkenvindu ved sida av kvarandre, men no er det eine ombygd til verandadør, og då er det jo meir overkommelig når det berre er ei kappe å sy.
Likevel så har eg fundert lenge på kva mønster eg skulle velge. Fant ikkje noko eg skikkeleg beit på. Den skulle i alle fall sleppe inn mest mulig lys, så eg fann fram litt lyse stoff.
Fant også eit ark med fuglar, roser og hjerter. Plukke det eg hadde lyst til å bruke. Trur eg har fått det på eit kurs med Anne B. Finnestad. Ting har liksom gått seg til undervegs. Lurer på kva eg skal lage av alle dei rutene som ikkje vart brukt :)
Det sneik seg inn litt romantikk. Det er jo vår.....
Vi har hatt ein strålande dag i dag. La oss håpe på litt finevær i morgon også. Vi treng det. Det å kunne sitte ute i sola og berre nyte det.... ja kanskje med eit handarbeid lett tilgjengelig inn i mellom.... balsam for meg.
Ønsker alle ei riktig god helg!