Vi var også å gjekk Samaria kløfta. Den er 1,8 mil lang. Fyst tok vi buss opp til eit platå som ligg på ca 1200 m. o.h. og så gjekk vi undabakke heile vegen ned til havet. Det var mykje folk som gjekk her og sko/sandaler var av ymse kvalitet. Ikkje alle var godt nok forberett på kva dei hadde gitt seg ut på. Vi hadde gode joggesko og god niste. Vurderte om vi skulle ta med fjellsko, men har snakka med andre som har gått denne turen før, og kom til at gode joggesko skulle holde. Det stemte. Vi gjorde turen unna på knappe 4 timer inkl. pauser. Når vi kom ned til havet hadde vi god tid til å bade, drikke kaldt godt øl og litt god mat. Her ser vi eit bilde frå der kløfta er på det smalaste. 3,5 meter. Ellers så var det som eit stort dalføre å gå med mykje stein, men god sti.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar