Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 28. september 2012

Toalettveske

Egentlig så burde eg kanskje gjordt ferdig et teppe, som nesten er ferdig,
eller quilta ferdig sommarbrikka som ikkje blei gjordt ferdig i sommar....osv. osv.
men pyttnsann.....
eg bare mått prøve å lage ei toalettmappe slik som Linda med bloggen RyumQuilt lager dei.
Ein bør jo ha litt sammenhengende sytid når ein skal tenke ut korleis eg skal gå fram,
men det blei ein halvtime no og då.
Då er det ikkje alltid den enklaste metoden som kjem fyst i tankane.
Å ta opp igjen er ikkje mi sterkaste side,
så dette er ein test og likevel er eg fornøgd med resultatet. Framgangsmåten kan bli mykje enklare.
Har sydd fleire toalettvesker med lomme på framsida,
men aldri slik som Linda gjer, med ein liten lomme på halvdelen.

Har ei god tantejente som skal få denne.
Ingen lomme på baksida, men inni er det ein. 
Fredags-roen har senka seg og lysa er tende.  Eg berre nyt det.
God helg!


lørdag 22. september 2012

Fleire vottar

I ledige stunder tar eg fram strikkepinnane. Eit avslappande arbeid og kose seg med. 
No er endå eit par vottar ferdige. 
 Denne gongen har eg strikka dobbelt brot. Synest det som stod i oppskrifta var for vidt og for tynt.

 Når belegget  og framsida av brotet er like lange, strikkar eg dei saman.

 Så no har eg to par i gaveskuffa. 
Det første paret er med enkelt brot som i oppskrifte.
 Mønsteret er veldig kjekt å strikke og det blir nok fleire par. 

Ønsker alle ei riktig god helg!

søndag 16. september 2012

Kurshelg

Denne helga har vore ei av dei store. Har hatt hyggeleg besøk av gamle kjente. Det å kunne ta opp igjen gamalt venskap, gjer ein godt. Damene har gått på quiltekurs med Kari/lilladør. Latt oss inspirere og sydd så støvet dansa. Sosilalt samvær med likesinna og mykje god mat. Kan ein ha det bedre?
Kari hadde mange modellar vi kunne velge i, med forskjellige teknikker.
Blandt anna ei riktig så haustleg dame. Mi er nesten ferdig, derfor får de berre sjå litt av ho.
Å male på stoff er heilt nytt for meg. Bladene på kjolen er malt direkte på stoffet og bladnervene påsydd med stoppefoten.
Mug Rug som høstblader. Veldig kjekt å sy.
Først eit 
så eit til 
ja det blei seks 
No skal eg berre slappe av og la alle inntrykkene synke på plass.

Ønsker alle ei riktig god veke!

onsdag 12. september 2012

Sanketid

Hausten er et mirakel. Naturen byr oss av si grøde og mange ganger heilt gratis.
I hagen står eit plommetre av sorten Opal og i år har det gjeve oss rikeleg å hauste av
Hermitisering til dessert er ein av favorittane 
Vi har tatt det puljevis ettersom det har modna.

I år lagde vi ein ny vri på laken:
vatn, sukker, pressa sistron og heil anis 
her kva vi hermitiserte ein dag
så litt sylting ein annan dag 
slik var det berre å forsette til det var tomt
vi har også delt ein del plommer og plukka ut steinen for så å legge dei i frysaren til kompottar o.l.
no har vi så det monner

Forrige helg var vi på den årlege tyttebærturen til Bismo, så no er tyttebæra også på plass.
I same slengen kjøper vi inn madelpoteter så vi har til april neste år.
Denne turen er liksom eit ekstra påfyll for sinn og sjel;
hyttekos med gode vener er toppers
likeså det å kunne gå og vandre i skogbunnen er ein livsnytelse
alle inntrykk taes med heim for lagring og mimring 

då vi kom på ferjekaia på Stårheim fange eg desse solstrålane
vi hadde skiftande vær på turen
men samla sett ein herlig tur
Det er ikkje så mykje handarbeid som blir utført, utenom strkking på bilturane og andre små ledige stunder
Til helga skal eg på kurs med Kari Nyttingnes Grødem med bloggen lilladør og eg gle meg.
Tema er Haust og på bloggen hennar kan det sjå glimt av kva vi har å gle oss til.

Ha gode dager!



søndag 9. september 2012

Eg vann ein Give Away

Eg var så heldig å vinne trøstepremien på Give Away hos Lappeklipp. Bloggen har eg fulgt lenge og kan anbefalast eit besøk.
Gåva var ein lekker harepus, som er ein nøkkelgøymar og den har reist heilt frå Finland og til meg.. Den er bare så nydelig og eit flott arbeid heilt ned til den minste detalj.
 
Synes nesten at den er for fin til å legge i veska for å ta vare på ein nøkkel.  
Ja for det er ei jente og eg har gitt ho namnet Josefine og vi er allereie god venner.
Kan du sjå kor tillitsfullt ho ser på meg?

Og i pakken var det endå meir. Eit kort med ei hyggeleg og god helsing og finsk sjokolade.
 Basten som smykker sjokoladen skal bli til pynt på eit glass.
Trur ho skal få pynte kjøkkenvinduet mitt.
Då ser eg ho kvar dag.
Har kjøpt inn ein del lyng, som skal pynte krukkene både her og der for sommarblomstrane er tida over. Her er dei første ferdige. Men eg skulle gjerne hatt meg nokre små nye figurer. Har ikkje funne dei rette endå, men vi får sjå :)


Ønsker alle ei riktig god veke!