Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 27. juli 2012

Ipad mappe

Min kjære fylte nylig år og eg kjøpte han ein Ipad.
Ei mappe til å ha den i, vart også ein del av presangen.

Omslaget har eg vevd av Ullteppegarn og deretter tova i vaskemaskina.  
Har også vore ein tur til Oslo. Vi ankom mandag etter markeringa av 22.07. I parken utanfor domkirka var blomehavet frå markeringa dagen før framleis godt synlege. Fleire kom også denne dagen og la ned blomar. 
Inntrykket var veldig sterkt 
Mange gode hesingar og minneord var lagt ned. 
Må vi sleppe å oppleve noko slikt fleire gonger. Mine tankar går til alle dei pårørande som mista nokon av sine, men også til alle andre som vart berørt på den eine eller den andre måten.
La oss aldri gløyme!



lørdag 14. juli 2012

Prinsessa syr også

Prinsessa mi likar også å sy.

Ho fekk plukke seg nokre stoff. Skjærekniven får ho ikkje lov til å bruke endå, men denne gongen fekk ho prøve seg på å sy sammen remser og sjå kor nøyaktig ho har utført det. Er berre 7 år. Quilta etter beine sømmer har ho heller aldri gjordt før, men her går det så det susar.
I utgangspunktet skulle det bli ei lita toalettveske, men så skulle ho på tur
og då var behovet for ei veske til DS-en og duppeditter der.
Mormor har sjølvsagt hjelpt til med isying av glidelås,
men det blir ikkje lenge til ho klarer det også skal du sjå.
Mormor hadde sjølvsagt vore med litt i beregningane så midtstykke blir til bunn :)
Ho har si eiga kasse med stoff, både restar og nye stoff, så vi er klare for neste samling.

Nyt dagane på beste måte!

God helg!




torsdag 12. juli 2012

Mapper til ting og tang

Mapper er alltid kjekt å sy, i allefall med slike artige damer, og sjølv kan eg ikkje få mange nok.
Alltid noko småting eg vil halde orden på, slik at eg finn det igjen,
enten det er i heimen eller når eg f.eks. skal ut på tur.
Det kan være ladarar og ledninger, handarbeid, undertøy eller sokker......ja kva som heldst.
Beklager den dårlege bildekvaliteten.
Kan ikkje få tatt nye bilder då dei no er selde og har fått nye eigara.  
Håper dei vil gjere nytte for seg der dei er komne.


Vi har hatt fleire plommetre i hagen, men det har aldri blitt den store avlingen. Dei har derfor blitt sagd ned i tur og orden.
No har vi berre dette eine igjen og det skulle også sagast ned i vår. Eg bad om at det kunne no få blomstre denne våren, før vi tok det. Men sjå kva som skjedde. I år bugner det av plommer og treet fekk stå.
No gle vi oss til dei kan nytast. 
Takker for alle hyggelege kommentarer på tidlegare innlegg.
Det er alltid kjekt å høyre frå mine besøkande og eg tek gjerne turen innom bloggen din.
Inspirasjon frå andre bloggere er ein nødvendigheit for min del. Då flyr ikkje berre minuttane, men også timane fort.
Ønsker alle gode sommardager!


søndag 1. juli 2012

Toalettveske

Ikkje mykje handarbeid som blir gjordt her om dagen. Brukar dagane ute enten i skog og mark, eller rett og slett ute i hagen der det er litt å gjere i år.
Men denne toalettmappa har eg sydd, og den er etter mønster frå Northern Quilts.
Både mønster og stoff er kjøpt der.
Likar streken for broderusk frå Northern Qilts veldig godt. 
Dette mønsteret har en del stilige detaljer synes eg, som krokelissene. 
Sjølve grunnmønsteret til toalettveska fekk vi også då eg gjekke på kurs med Wenche frå Northern Quilts. 
Inn i er den innredet med to åpne lommer. Eg har sydd glidelåsen i slik eg vanlegvis gjer. 
Det stripete stoffet og krokelisse til lukkekanten gjorde seg. 
Ein kollega ventar barn og har strikka fleire par sokker.
Ho har allereie fått overlevert eit par, men dei tok eg ikkje bilde av.
Her eit enklare par.  
Var i Bergen for nokre veker sida. Då vi kom ut frå Zupperia i Olav Kyrresgate, falt augo mine på denne husveggen. "Snedig" står det enten du les det opp eller ned. Nokon som kjenner til kva det er?

Vi har hatt litt regn denne helga. Blomane som stod ute på altanen fløymde over då vi kom heim atte etter tur, men ut i kommande veke er det meir deilig sommarvær i vente. Av og til må vi unne naturen litt vatn, for det er utruleg tørt. I enkelte bed har eg faktisk vatna i tillegg.

Ha gode dagar enten du skal på jobb eller har ferie!