Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 23. september 2011

Handarbeidspose og .....

Det er fredagskveld og roa har senka seg over heimen. Fotballen ruller over skjermen og det er passelig tid for litt blogging. Ikkje det, har eg eit godt handarbeid ser eg gjerne fotball eg òg.
Var det nokon som spurte om fredagsvask? Eg sprang over med støvsugaren i går og om eg finn det høveleg skal eg finne ein våt klut i løpet av helga. Kor mykje kan to vaksne klare å rote/skitne til i løpet av ei veke?
I morgon skal det feirast svigermors 89 års dag og trur eg sparer meg til det.

På tirsdag var det samling i gruppa "Sjeive Sting". Som alltid blei det både hyggeleg saum og sosialt samvær. Planlegging av neste samling, som er ei heil helgasamling. Mykje å sjå fram til.
Tema for kvelden var handarbeidspose og slik vart min. Den er så stor at eg får to nøster garn ned i og det passa meg godt. Stitchery-motivet har eg hatt liggande nokre år, og det var godt å få brukt det.
Ute i hagen begynner det å gå mot slutten for mange blomster.
Skulle liksom velge meg ein, men så vart det litt fleire som fekk være med. 
Kjøpte desse etter at vi kom heim frå ferie og sjølv om det ikkje har vore dei beste vekstvilkåra i det siste, blomstrer dei enno. 
Denne pelargonian skal snart få flytte inn for overvintring. Det er berre å rydde plass, for det er fleire som skal være med innandørs.
Det er over to veker sida eg har vært ute i hagen, for når det regner slik som i det siste, holder eg meg innadørs der det er tørt og varmt. Veit egentlig ikkje om denne er i begynnelsen av blomstring eller mot slutten :)Får jo ikkje følgt med skikkelig. 
Forrige helg var vi austover slik tradisjonen er her i huset. Plukka litt tyttebær og kjøpte mandelpoteter for vinteren. For ikkje å gløyme babymandel, eller gourmandel  om du vil, som skal nytast når ein skal lage noko ekstra godt. Hadde ein nydelig tur over fjellet, der nysnøen låg langt ned i fjellet. 
Ønsker alle mine besøkande ei riktig god helg!

onsdag 21. september 2011

A Kittens Tale Blokk nr. 2

Ja no har eg begynt å gjere noke ferdig. Her er blokk nr 2.

Ein blir jo meir og meir glad i desse herlige kattane. 
Minner meg om dei kattepusane vi har hatt fram gjennom tida. No har vi valgt å ikkje ha dyr i huset.
Alltid ein utfordring å finne pass til dei når ein skal reise vekk.
Her det godt innevær og når det kveldast, må eg berre tenne mange telys. 
Når ein då i tillegg har eit hyggeleg handarbeid med koselige kattepuser på er det bare ein god kveld.
Ha ei fortsatt god veke!

fredag 9. september 2011

Det går mot helg

Dagane går og ukene forsvinner. Merkelig som tida går, får konsentrere meg om tida som kjem. Alle mulighetene som byr seg. Når eg er ferdig på jobb om dagane, så henter eg den minste i min kongelige famile i barnehagen. Utrykket "kongelige" har eg fra Tovepia. Synes det er et knakande godt utrykk. Han er berre 14 mnd og vi har faste rutiner. Når vi kjem heim på tunet, skal vi til ei blomsterpotte for å hilse på disse figurene. Påskepynten har liksom fått lov til å bli med heile sommaren her. Dei skal det klappes på og snakkes om både lenge og vel.
Så skal vi inn i kjellarstua og helse på dukkene og trykke på ei leikevaskemaskin. Den går rundt og rundt og lagar masse lyd. Kjempeartigt altså. Etter at vi har no kledd av oss, er det trappa opp og ned nokre gonger. Han er på "holde fingeren" stadiet endå. Du kor vi koser oss.
Og ein ting er viktig å ha i hus: Mariekjeks.

Handarbeid putlar eg sjølvsagt med ellers på kveldane også, men ikkje så mykje. Hoppar fra det eine til det andre og ingen ting blir liksom heilt ferdig. Det er lysta som bestemmer. Men no er symaskina komt heim igjen, så kven veit kva som skjer til helga.  

 Og så skal ein finne igjen det ein har rota bort. Merkelig altså, hadde det på hendene i går og la det fra meg på strykebrettet, men neste dag var det borte vekk. Jaudå det hadde berre hengt seg opp på noko som eg sveiv forbi med, men det tok lang tid å finne det igjen. Ein heil kveld:))
Det beste var å begynne å rydde, og då dukkar det som regel alltid noke opp. Denne gangen fant eg igjen tommelnåleputa mi. God å ha.
Ellers må ein jo nyte innkjøpte bøker og dei ligg på kø.

Ønsker alle ei riktig god helg!

Oi-oi. No fekk eg ein invitasjon på krabbe i kveld. Mmm det skal godt :))


torsdag 1. september 2011

Toalettveske igjen

Av og til er det bare godt å ta frem noen stoffer, ja som er helt nye på lageret, og bare sy i vei, på autopilot. Som en quilter sa: De nyinnkjøpte stoffene blir snart gamle dersom en ikke tar de i bruk :)

Det er flere av mine nærmeste som har bursdag i høst, og små hendige toalettveske til kortere turer, står på flere ønskelister. Selv bruker jeg gjerne flere små enn en stor toalettveske. Bare de er lange nok til at tannkosten går ned i den, da er de OK.
Har vært på Nordfjordeid og besøkt Primula. Hun hadde disse stoffene og glidelås i metervis
med blondekant.
Av og til svikter autopiloten og da må det bli en liten vri.
Og her er dagens blomst fra hagen. Tror det er den siste rosen for i år på denne busken. Vi har hatt noen fine dager nå, men nettene er begynt å bli merkbar kaldere. Det går nok mot høst.
Ønsker alle mine besøkende en fortsatt god uke og det er jo nesten helg :)
God helg også!