Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

lørdag 24. mars 2012

Gardinkappe

Då vart eg ferdig før påske og det i god tid. Vinterkappa har eg nekta å ta ned før eg hadde sydd noke nytt. 
 Derfor måtte eg bli ferdig før påske, og her er den.
Tidlegare hadde vi to kjøkkenvindu ved sida av kvarandre, men no er det eine ombygd til verandadør, og då er det jo meir overkommelig når det berre er ei kappe å sy.  
Likevel så har eg fundert lenge på kva mønster eg skulle velge. Fant ikkje noko eg skikkeleg beit på. Den skulle i alle fall sleppe inn mest mulig lys, så eg fann fram litt lyse stoff.  
Fant også eit ark med fuglar, roser og hjerter. Plukke det eg hadde lyst til å bruke. Trur eg har fått det på eit kurs med Anne B. Finnestad.  Ting har liksom gått seg til undervegs. Lurer på kva eg skal lage av alle dei rutene som ikkje vart brukt :)
Det sneik seg inn litt romantikk. Det er jo vår.....
Vi har hatt ein strålande dag i dag. La oss håpe på litt finevær i morgon også. Vi treng det. Det å kunne sitte ute i sola og berre nyte det.... ja kanskje med eit handarbeid lett tilgjengelig inn i mellom.... balsam for meg.

Ønsker alle ei riktig god helg!

torsdag 15. mars 2012

Valgets kvaler

Eg har egentlig satt med ein tidsfrist for eit arbeid eg held på med, og denne gongen skal det etterlevast. Det skal være ferdig før påske, ikkje noko knussel no. Her er det litt applikasjonsarbeid til å putle med også. Trur eg veit korleis det skal bli  til slutt, men alt kan skje undervegs. Mønster har eg ikkje.
Men så hadde vi samling i gruppa Sjeive Sting her ein kveld og då fekk eg aldeles blod på tann. Dresden plate er berre heilt toppers, i alle fall når ein held på med noko anna som berrrrre måååååå bli ferdig og det ein aller heldst har lyst å fortsette med, må leggjast tilside. Inn i mellom må eg berre ta det fram. Skjære nokre bitar, sjå på stoffa, flytte litt rundt på dei. Då må eg snakke litt fornuft til meg sjølv og leggje det tilside.
Resten av denne veka blir det ikkje tid til verken blogging eller sying, men du verden så eg gle med til neste ledige stund ved symaskina.
Skulle gjerne ha vore i Bergen kommande helg på NQF sitt arr. der, men slik passa det ikkje denne gongen. God tur til alle dei som tek turen dit.
Ha ei riktig god helg!

onsdag 7. mars 2012

Påskeharer

Det nærmer seg påske og vi har hatt nokre fine dager i helga som var. Kom heilt i vårstemning og då eg fant oppskrift på desse påskeharane, kunne eg ikkje dy meg lenger.
Oppskrifta fann eg på facebook. Søker du To Damer, finn du den der.
Stort enklere kan det ikkje bli. Alt du treng er å strikke ein firkant, tråkle inn ein rynketråd og så er du nesten ferdig. Har stor sans for slike enklearbeid som blir ferdig  på ein - to - tre. Brukte litt fuglesand i ein plastpose i magedelen for å få den til å stå stødigere.
Dei store prosjektene får veldig lett pauser her hos meg.

I går forsvant alle vårtendenser her hos oss. Kuling/storm og regn er kome tilbake. Det er bare å krumme ryggen og vente på at det skal gå over, for no er eg heilt klar for vår.
Bare sjå kva eg fann forrige veke.
Vil også takke alle mine besøkende for hyggelige kommentarer. Det gleder meg veldig. Beklager at eg er ein NON-replayer. Får det berre ikkje til :(
Ha gode dager!

søndag 4. mars 2012

Viktig å holde seg varm på beina....

Strikketøy er lett å ta til både når ein sit heime og er ute på reis.
Her eit par tova barnetøfler i Vamsegarn. Tova på 50gr.
For at ein ikkje skal gli, har eg kjøpt flytende latex på strikkebutikken. Smurt på, latt det tørke, og så er tøflene klar til bruk. Håper det virker.

Lykkerus kan framkalles når ein klarer å strikke eit par lobber av to nøster restegarn. Viser det seg at det er forlite, er det berre å ta fram eit til. Eg pleier å dele alt i to like deles ved å veie nøstene og så strikker eg i vei. Då veit eg at eg har nok til neste lobb også.

Ha gode dager!
No går det i påskeharer. Bilde kjem ein av dagane.