Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

torsdag 28. februar 2013

Framleis godt å ha....

No har vi hatt mange fine dager, og trimturane har vore mange. Det er så herlig å komme seg ut. Kike etter vårtegn, sjølv om det ikkje er så mange å sjå.
I dag tidleg pøsregna det. Så skein sola i stund. I kveld har det snødd så alt er kvitt igjen.
Godt at vottane til min kjære er ferdig. Ja dei er allereie tatt i bruk.
Mønsteret har eg kjøpt hos www.joridweb.com
og heiter Knut
Eg valgte å strikk dei i Finull.
  


Så var det nokon som ville ha seg pulsvarmere i grått.
Dei er strikka i Viking Raggen.
Mjuke og deilige men tåler ein støyt.
 Takker for mange hyggelege kommentarer
og ønsker nye følgere velkommen.
Ha riktig gode dager!

mandag 25. februar 2013

Hårstrikksamler er kjekt å ha

Å holde orden på hårstrikk er alltid kjekt.
Mottakeren var veldig fornøyd. 
Enkel å sy og gjentas gjerne om det kjem fleire ynskjer:)
Tantejenter inviteres :))
 Ellers så går det i vottestrikking.
Første votten til gubben er ferdig, bortsett frå tommen då :))
Eg pleier å ta dei tilslutt.
Her ser de insida.
På turen heim frå Bergen i kveld var det atter ein nydeleg solnedgang.




Gjer dagane din gode!

lørdag 23. februar 2013

Blomster i fleire varianter

Symaskina har fått kvile ei stund, men no har vi leika oss igjen.
Mappa som har lagt og venta er ferdig og klar for bruk.
På eit møte i Qiultelaget i vinter hadde vi tema innfelling av motiv i ramme.
Valgte meg eit broderi som mor har brodert.
 Har mange ganger kjøpt desse små yndige orkideene, men dette er første gang eg har fått ein til å komme igjen. Har eg lov å være litt kry ???
 Dei andre større plantane kjeme lett igjen og no blomstrer fleire


Dagen i dag har vore fantastisk.
Har hatt fleire gode turer,
men foretrekker dei isfrie vegane.
Eg er heilt klar for vår.
Is og snø kan berre forlate meg.
God helg!

fredag 15. februar 2013

Mitt hjertesukk

Det er ikkje så mykje som skjer på handarbeidsfronten her om dagen
og det rare er at det går heilt greit.
Bare eg har korga med tråd, strikkepinnar og heklekrok i nærheten.
Og sjølvsagt blir det no til noko som desse pulsvarmerne.
og ute med symaskina ligg det no eitkvart klart dersom lysta skulle komme tilbake. 
Med gjevne mellomrom tar eg ein tur ut på syrommet og blar litt i stoffene mine og tenker at kanskje eg skulle lage noko av nettopp dei og dei stoffene, men du verden så fort eg ombestemmer meg.
Det er så mangt ein skulle ha gjordt og så blir det heller lite.
Men eg har det veldig godt:))

I kveld har eg fått tre herlige barnebarn på besøk og helga skal nytast ilag med dei. 
Det er no heilt sikkert.

God helg!



lørdag 9. februar 2013

Fleire Mug Rugs m.m.

Når ein først har sydd to
så syr ein gjerne fleire
Også her har eg funne eit stoff eg er fornøgd med på baksida.

Vi var utan vatn i 3 døgn her for nokre dager sida p.g.a. frost. No har vi fått vatnet tilbake, men ute på altanen stod framleis reservevatn i ei bøtte. Dei siste dagane har vore fine kalde dager med frost og då var jo vatnet botnfrose,,,, trudde eg. Tok den inn og etter eit par timar skulle eg endevende isklumpen. Då oppdaga eg at isklumpen var holsk. Eg hadde fått mi første is-lyslykt.
I kveld har eg tent te-lys og den står ut forbi kjøkkenvinduet slik at vi ser den.
Etterpå har eg landa i sofaen. Fastelavenbollane er bakt og klare for fylling. Veit no ikkje om vi har tenkt å vente heilt til å mårra for å smake på dei. Det er vel lov å tjuvstarte litt på godsakene :))

Ønsker alle ei god fastelavenshelg og god morsdag til alle mødre.
Eg får besøk av nokre gode håpefulle allereide i mårra tidleg.

KariLklem:)


torsdag 7. februar 2013

Gjenbruk av dongeri

På februar samlinga for Sjeive Sting var tema denne gangen: 
Gjenbruk
og materiale var dongeri buksebein
Solveig med bloggen  Kvardagsgleder var veiviser.
Nederste delen av eit buksebein vart klipt av og vi sydde kjekke korger.
 
 Sette på det vi ville av blonder og pynt.
Desse rosene har lagt lenge i blond/pyntebånd korga mi og no fekk dei sin plass.
 Dette var bare så kjekt at det skal nok bli fleire :))

VM i diverse vintersport er i full gang 
og då er det kjekt å ha laga seg ei korg med VM-arbeid.
Her er mi tillaga med både Drops Lima garn, en del nyste med bomullsgarn og
i dag kom det forsyne meg også ein bunt med Viking Raggen
Så får vi sjå om det blir det eg har tenkt eller om humøret endrer seg ,og då ofte ideane også.

Vår første gullmedalje i Skiskyting er på plass og ein pulsvarmar er ferdig strikka.
Som de ser, så har eg hekla eit par rosetter med bomullsgarn. 
Oppskrifta fann eg via bloggen til Kari på Lilla Dør.

Takker for alle hyggelige kommentarer. 
Set utrolig stor pris på det.
KariLklem:)



lørdag 2. februar 2013

Dråpeforma Mug Rugs

Tenk no har eg og sydd meg Mug Rugs. 
Det begynte med at det låg to nierblokker på vent utan mål og meining på syrommet. 
Så begynte det no å kverne her ein kveld eg såg på dei.
Kanskje eg kunne lage Mug Rugs og tenk om eg kunne lage nokre med min eigen vri.
Ikkje sånn beint fram, verken firkanta eller rektangulær, men med eit anna uttrykk.
Det ente med:
Dråpeforma Mug Rug.

 Eg har no lage ein til kvar av oss.
 Og blir det for mykje søl på framsida, kan dei også brukast på baksida.
 
 Har quilta dei 1/4 inch frå sømmen i nierblokken.
 Er no litt opptatt av fleirbruksvalg. 
Som her har eg sett litt pynt og lysholder oppå. Det går det også ikkje sant?
Har du fleire idear til meg?



Ha ei riktig god helg!