Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
Viser innlegg med etiketten Mug Rugs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mug Rugs. Vis alle innlegg

lørdag 9. februar 2013

Fleire Mug Rugs m.m.

Når ein først har sydd to
så syr ein gjerne fleire
Også her har eg funne eit stoff eg er fornøgd med på baksida.

Vi var utan vatn i 3 døgn her for nokre dager sida p.g.a. frost. No har vi fått vatnet tilbake, men ute på altanen stod framleis reservevatn i ei bøtte. Dei siste dagane har vore fine kalde dager med frost og då var jo vatnet botnfrose,,,, trudde eg. Tok den inn og etter eit par timar skulle eg endevende isklumpen. Då oppdaga eg at isklumpen var holsk. Eg hadde fått mi første is-lyslykt.
I kveld har eg tent te-lys og den står ut forbi kjøkkenvinduet slik at vi ser den.
Etterpå har eg landa i sofaen. Fastelavenbollane er bakt og klare for fylling. Veit no ikkje om vi har tenkt å vente heilt til å mårra for å smake på dei. Det er vel lov å tjuvstarte litt på godsakene :))

Ønsker alle ei god fastelavenshelg og god morsdag til alle mødre.
Eg får besøk av nokre gode håpefulle allereide i mårra tidleg.

KariLklem:)


lørdag 2. februar 2013

Dråpeforma Mug Rugs

Tenk no har eg og sydd meg Mug Rugs. 
Det begynte med at det låg to nierblokker på vent utan mål og meining på syrommet. 
Så begynte det no å kverne her ein kveld eg såg på dei.
Kanskje eg kunne lage Mug Rugs og tenk om eg kunne lage nokre med min eigen vri.
Ikkje sånn beint fram, verken firkanta eller rektangulær, men med eit anna uttrykk.
Det ente med:
Dråpeforma Mug Rug.

 Eg har no lage ein til kvar av oss.
 Og blir det for mykje søl på framsida, kan dei også brukast på baksida.
 
 Har quilta dei 1/4 inch frå sømmen i nierblokken.
 Er no litt opptatt av fleirbruksvalg. 
Som her har eg sett litt pynt og lysholder oppå. Det går det også ikkje sant?
Har du fleire idear til meg?



Ha ei riktig god helg!