Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 21. april 2014

Påskeslutt

Påskeferien er over og vi har hatt mange fine dager.
Vi har tilbrakt dagene mykje ute i det fri med tur i skog og fjell.
Her eit bilde frå Nordfjord, der vi tilbrakte ein del av påska.

 
I det varme vårværet, begynte frukttrærene å blomstre. Her eit plommetre.
Det er altfor tidlig og fruktdyrkarane var ikkje glad for det.
 Primulaene blomstret både i hagen og ute i utmarka.
Dei gule, som er viltvoksende, kalles både kusymre og busoleie alt etter kvar du kjem frå.
Og heime på tunet har eg kjøpt meg ei ny potte som eg har fylt med stemor.
No seier eg takk for herlig påskeferie og gjer meg klar for ei ny arbeidsveke!

fredag 11. april 2014

Tvebandsstrikking

Tvebandsstrikk

Det er alltid artig å prøve seg på nye teknikker.
Denne gangen var det tvebandsstikking.
Med denne teknikken får ein eit fastere produkt enn med vanleg 
strikketeknikk og så er det dobbelt.
 Dette er egentlig vrangsiden. 
Ein tvinnerer trådene på vrangen, men eg kjem til å bruke denne sida som retta,
 då eg synes den er mest dekorativ.

 På retta ser det slik ut.
Altså kan ein bruke dei på begge sider med kvar sitt uttrykk.
 Liker pulsvarmere i denne størrelsen, og pulsvarmere, det må eg berre ha :)

Kanskje har du litt opplysninger å dele med meg om korleis produkter med denne teknikken har vore brukt opp gjennom tidene??

Ønsker alle ei riktig god palmehelg!


fredag 4. april 2014

Strikkeveske eller handarbeidsveske

Strikkeveske eller handarbeidsveske

Ja desse veskene kan vel brukes til kva som heldst, alt etter behov og lyst.
Har altså dykka i restekassen igjen.
Den er langt frå tom og eg held på med same posen endå.
Og slik vart det denne gangen.

 Våren er komen her på våre kanter og fuglane syng ute. 
Det måtte berre bli ein på syrommet også.
På baksida fekk eg lyst på fleire blomster.



Alt er frihåndsquilta. Egentlig oppvarming til eit større prosjekt.
God helg!

tirsdag 1. april 2014

Veving av etuier

Vevgruppa i Florø hadde eit minikurs på Årsmøte for Sogn og Fjordane Husflidslag.
Tema: Veving av mobiletui
på pappmaler
Testing av maler og garn til renning og innslag blei testa.
Her er det brukt Vamsegarn både til renning og innslag.
Den fletta pynteremsa er av Eskimogarn.
For at utside og innside ikkje skal tove seg ilag, har eg festa ein plastpose inni.
Toving er spennande
Fleire modeller og garn blei testa.


 Denne modellen har P3 strikkegarn til renning og Eskimo til innslag. Strikkegarnet tova ikke så mykje som vamsegarn og følte eg hadde litt meir kontroll for:

Toving er spennande. Eg brukte vaskemakin og 40gr.
Like spennande kvar gong. Den mørke modellen passet akkutat til min Iphone 5.
Samme malen blei brukt til begge modellane.

Til lukking har eg brukt borrelås.
Dette er ein aktvitet som passar godt i lag med barn f.eks.
Ein kan lage etuier eller vesker til det som den passer til nå ein ser resultatet.
På kurset lagde dei seg mobiletui, strikkepinneetui, handarbeidsveske osv.
Lyke til om du vil prøve deg!