Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
Viser innlegg med etiketten Pulsvarmere. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pulsvarmere. Vis alle innlegg

fredag 11. april 2014

Tvebandsstrikking

Tvebandsstrikk

Det er alltid artig å prøve seg på nye teknikker.
Denne gangen var det tvebandsstikking.
Med denne teknikken får ein eit fastere produkt enn med vanleg 
strikketeknikk og så er det dobbelt.
 Dette er egentlig vrangsiden. 
Ein tvinnerer trådene på vrangen, men eg kjem til å bruke denne sida som retta,
 då eg synes den er mest dekorativ.

 På retta ser det slik ut.
Altså kan ein bruke dei på begge sider med kvar sitt uttrykk.
 Liker pulsvarmere i denne størrelsen, og pulsvarmere, det må eg berre ha :)

Kanskje har du litt opplysninger å dele med meg om korleis produkter med denne teknikken har vore brukt opp gjennom tidene??

Ønsker alle ei riktig god palmehelg!


torsdag 28. februar 2013

Framleis godt å ha....

No har vi hatt mange fine dager, og trimturane har vore mange. Det er så herlig å komme seg ut. Kike etter vårtegn, sjølv om det ikkje er så mange å sjå.
I dag tidleg pøsregna det. Så skein sola i stund. I kveld har det snødd så alt er kvitt igjen.
Godt at vottane til min kjære er ferdig. Ja dei er allereie tatt i bruk.
Mønsteret har eg kjøpt hos www.joridweb.com
og heiter Knut
Eg valgte å strikk dei i Finull.
  


Så var det nokon som ville ha seg pulsvarmere i grått.
Dei er strikka i Viking Raggen.
Mjuke og deilige men tåler ein støyt.
 Takker for mange hyggelege kommentarer
og ønsker nye følgere velkommen.
Ha riktig gode dager!

fredag 15. februar 2013

Mitt hjertesukk

Det er ikkje så mykje som skjer på handarbeidsfronten her om dagen
og det rare er at det går heilt greit.
Bare eg har korga med tråd, strikkepinnar og heklekrok i nærheten.
Og sjølvsagt blir det no til noko som desse pulsvarmerne.
og ute med symaskina ligg det no eitkvart klart dersom lysta skulle komme tilbake. 
Med gjevne mellomrom tar eg ein tur ut på syrommet og blar litt i stoffene mine og tenker at kanskje eg skulle lage noko av nettopp dei og dei stoffene, men du verden så fort eg ombestemmer meg.
Det er så mangt ein skulle ha gjordt og så blir det heller lite.
Men eg har det veldig godt:))

I kveld har eg fått tre herlige barnebarn på besøk og helga skal nytast ilag med dei. 
Det er no heilt sikkert.

God helg!



søndag 27. januar 2013

Pulsvarmere for kalde dager

Det er framleis kaldt ute, sjølv om det ikkje er dei kuldegradene som her tidligare. No er det vinden som gjer det kaldt. Kuling og regn, hutte meg tu. Bare så glad vi ser i februar.
Etter  å ha strikka med pinna nr. 2,5 ei stund, bestemte eg meg for å prøve nokre nummer tjukkare.
Falt pladask for garnet Kashmir Alpakka frå Sandnes og har brukt pinnar nr. 5,5.
Mønsteret stod i eit julehefte frå Familien før jul.
 Det bli lett fargeforskjeller på innebilder og utebilder. Her blei det veldig påfallande.
 Innebildene likner meir på den rette fargen.
Då eg kom heim med garnet, fann eg ikkje mønsteret, men hadde no lest gjennom det og så var det berre å prøve. Då første paret var ferdig, fann eg det og måtte strikke eit par etter oppskrifte. Forskjellen er at flettene i mønsteret går over 3x4 masker, mens eg hadde 3x3 på første paret. Veit ikkje om det utgjer så store forskjellen.
Før mildværet kom var eg ute i hagen ein dag og tok nokre bilder. Kulda pyntar naturen på ein mesterleg måte.
Takløken hadde nok satt pris på et lite lokk med snø mot kulda.
Blir spennande å sjå kor dette går. 

Men idag har det vore ein ruskete dag.Slik såg det ut ned på fjorden.

Klem frå ei som ser fram til lysare og varmare dager!