Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 29. januar 2012

Lita toalettveske

Då er toalettveska ferdig. Den fekk litt pynt på framsida 
og litt på baksida 
Har brukt vanlig mjuk vatt, men bunnen ble fast nok til at den har litt form. 
Denne gongen sydde er på sirkelpynten uten applikasjons vliselin. Berre spraya litt lim på. Effekten blei endå større, så dette går fint på mindre arbeid.
Dagen i dag har vært fantastisk flott med vindstille og nydelig sol. Var fyst ein tur ilag med barnabarna for deretter ein god tur ilag med min kjære mann. Vi tar gjerne imot fleire slike :)

Ha gode vinterdager!

fredag 27. januar 2012

Mapper av rester og prøvelapper

Tenk no har eg berre sydde frå restlager og gamle prøvelapper, og her er det mykje å ta av.
Ynskje var enkle tynne mapper  til å ha utstyr i og dei skal ned i eit skrin, så ingen ekstra duppedingser på sider. Alle måtte være veldig forskjellig og gjerne i sterke farger.
Mappene skulle være 22 x 22 cm.
Her er det brukt rester frå løperen Ung Løper som blei sydd i 2009.
Hjerte ble satt på litt på skrå. Det er jo alltid det enklaste :)
og gjerne det likaste. Synest det skaper meir liv.
Her er ein prøvelapp etter eit kurs med Kari Melsom på Holmen Gård. Det er så lenge sida at eg veit ikkje årstallet eingong.
I midten på denne er det brukt ein prøvelapp på chenille, der ein syr rette sømmer gjennom fleire lag med stoff for så å sprette opp gjennom alle lagene bortsett frå det underste.


Alle mappene har fått lyst stoff til for så det er lett å finne igjen det ein har putta oppi.
No gjenstår det å høyre med mottakaren om dette kan passe ho.

Men no vil eg gjerne sy i lysarere farger. Har fått forespørsel på ei lita toalettveske. Ei til berre det mest nødvendigaste for eit par dager. Etter å ha funne stoff, som eg synes passer sammen, kutter eg opp nokre ruter, syr sammen, deler arbeidet opp igjen, snur på sammensetningen......setter på litt blonder, tar dei av igjen for så å sy dei på igjen.....ideane renn på etterkvart som arbeider tar form så får eg sjå kva det blir til slutt. Det er dette som er moro :)
Ynskjer alle mine besøkande ei riktig god helg!

lørdag 21. januar 2012

Inn i mellom alt anna......

Januar er alltid hektisk og det blir lite tid til fritidsaktiviteter. I år har det i tillegg blitt mykje reising. Av og til passer det seg å ta fram nokre strikkepinner og garn, sjølv om ein er på reis. Har strikka nokre votter i Vamsegarn og tova dei i maskin på 40 gr. Dei fyste blei alt for mykje tova  (60 gr.) og lagt vekk. Desse tre para er derimot akkurat passe. Dei to med lik pynt på brotet, er strikka heilt likt, men det eine er tova i lag med eit håndkle og det andre med to hånkle i maskina. Forskjellen er heilt to cm på lengda.
Har mellom anna vore ein snartur til Bergen og då måtte eg berre snope litt på Quiltekroken. Har sansen for ferdige pakker. Mona er veldig flink til å sette saman stoff, og eg finn alltid pakker som passer min smak. I tillegg falt eg for nokre prikkete stoffer og litt blonder. 
I tillegg kjøpte eg Bobbin tråd, som eg er anbefalt til å bruke som undertråd når eg skal sy med metalltråd. 
No har roen senka seg over heimen. Har kost oss med nydelig krabbe frå frysaren og det er tid for årets fyrste delfinale av Grand Prix og sjølvsagt eit strikke. No går det i Englevotter, designet av Jorid Lindvik.

Ha ei riktig god helg!

lørdag 7. januar 2012

Etterarbeid

I går var det 13.dag jul. Helligtrekongerslys vart brent ned og no er julepynten på veg ut.
Før jul er det ikkje alltid ein får kost seg med alt det handarbeidet ein ynskjer. Januar er like hektisk for meg, spesiellt på arbeid. Ikkje mykje kommentarer eller innlegg frå meg i denne tida. Kjem for håpentligvis sterkare tilbake. 
I romjula og på kveldane no i januar har eg kost meg med litt julebroderi. No ser eg i enden på 4 stk. stitchery og her ein liten titt.

 Ynskjer dykk alle ei riktig god helg!