Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

lørdag 21. januar 2012

Inn i mellom alt anna......

Januar er alltid hektisk og det blir lite tid til fritidsaktiviteter. I år har det i tillegg blitt mykje reising. Av og til passer det seg å ta fram nokre strikkepinner og garn, sjølv om ein er på reis. Har strikka nokre votter i Vamsegarn og tova dei i maskin på 40 gr. Dei fyste blei alt for mykje tova  (60 gr.) og lagt vekk. Desse tre para er derimot akkurat passe. Dei to med lik pynt på brotet, er strikka heilt likt, men det eine er tova i lag med eit håndkle og det andre med to hånkle i maskina. Forskjellen er heilt to cm på lengda.
Har mellom anna vore ein snartur til Bergen og då måtte eg berre snope litt på Quiltekroken. Har sansen for ferdige pakker. Mona er veldig flink til å sette saman stoff, og eg finn alltid pakker som passer min smak. I tillegg falt eg for nokre prikkete stoffer og litt blonder. 
I tillegg kjøpte eg Bobbin tråd, som eg er anbefalt til å bruke som undertråd når eg skal sy med metalltråd. 
No har roen senka seg over heimen. Har kost oss med nydelig krabbe frå frysaren og det er tid for årets fyrste delfinale av Grand Prix og sjølvsagt eit strikke. No går det i Englevotter, designet av Jorid Lindvik.

Ha ei riktig god helg!

6 kommentarer:

  1. Det var kjekt å høyre og sjå frå deg att.

    Eg har lurt litt på korleis det går med teppene dine, og eg veit at januar er ei travel månad for deg.

    Flotte votter og nydeleg snop!!
    Det skal bli kjekt å sjå kva du no skal trylle fram;o)

    God helg til deg og!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Fantastisk vottar! Såg gilde ut å strikke og .:) Spennande med pakken du har kjøpt i Bergen . Flotte farger på stoffa . God helg! Klem

    SvarSlett
  3. Mange flotte vottepar her. Og spennande stoffpakke du har kjøpt. Ventar på å sjå kva det blir.

    SvarSlett
  4. Mange flotte votter, de blir gode i kulden.
    Fine stoffer og bånd, gleder meg til å se hva du lager av dette.

    Ha en fin dag, klem.

    SvarSlett
  5. Flotte votter slik de virkelig var med broderte tråder!
    Strikketøy og TV er et must;)
    Nyt kvelden, klemmings;)

    SvarSlett
  6. Masse lekre stoffer og blonder :-)

    SvarSlett