Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 30. november 2012

I denne søte førjulstida

Det er no kjekt å kjøpe noko til seg sjølv òg no i førjulstida.
Har leita lenge etter dette settet og no har butikken Lille Marked i Florø tatt inn varer fra denne leverandøren.
Settet heiter Fiducia og er fra Kähler.
Forrige helg var eg på Værlandet og her var det julemesse.
Det var eit variert utvalg av handlaga produkter.
Eg kom ikkje tomhent derifrå.
Desse englane frista meg veldig, men det vart ein vevd løpar, økoligsik krydder og litt anna.
Julemessa blir arrangert i ein gamal byggning som dei kallar Floren. Trur det har vore ein fjøs, der det opprinnelege reisverket er tatt godt vare på.
 Det var så kjekt og stemingsfult heile huset og dei hadde pynta så ein fekk rette julestemninga.
Garderoben også:)
Skal tru om ikkje det blir ei messe å besøke denne helga også.
I morgon skriv vi 01. desember og då skal eg ta fram julegardiner og adventspynten.
Gle med som ein unge:)
Ønsker alle ei god adventshelg!


onsdag 28. november 2012

Haustdronningas storhetstid er over

Hausten er definitivt over.
Kulda er merkbar, men heldigvis er ikkje snøen komen.
Tida for haustdronninga mi er over for denne gongen.
Eg gjekk på kurs med Kari med bloggen Lilla Dør då eg lage henne.

Her er det detaljer både her og der.



Ellers er det lite som skjer på handarbeidsfronten.
Har pakka kofferten både ned og opp fleire gonger idet siste og då rekk ein ikkje så mykje meir.
Eg likar å reise.

Barcelona i november var heit topp.
Basilikaen Sagrada  Familia måtte besøkast og er et underverk.
Taket var heilt nydelig
Majestetisk

I den store mathallen var vi flittige gjester. 
Utvalget var utrulig både på kjøtt og fisk, og ikkje minst skalldyr. 
No nærmer vi oss adventtida og eg er heilt klar for ta fram pynten.
Elles så er førebuingane til jul begnt å ta til.
Pølsefarsen står klar til modning og grisehauene ligg til tining.

Ha  riktig gode dagar!


fredag 16. november 2012

Smykkepunger

Det heile begynte rolig med ein liten smykkepung.
Så tok det av.
Fekk lyst til å ta fram gamle fargerike stoff.
Boltre seg i fargar er berre lekkert.

Ideen kjem frå bloggen Vanella
Inni er det rikelig plass til armbånd i bunnen og små lommer til ørepynt, ringer o.l. 
Dette blir kjekke gåver.  
Ja her er første gjengen samla, men jo bare innrømme at fleire er pågang.
Tre stykker har allerede fått nye eiere.
Kanskje eg skulle lage ein til meg sjølv også :))
Ønsker alle ei riktig god helg!

tirsdag 13. november 2012

Slumreteppe - gevinst til årets julemesse

Kommande helg arrangerer Florø Husflidslag årets Julesmesse på Flora Samfunnshus. Her kan ein finne det meste innen handarbeid for salg. 45 utstillere er der i år. Her er det alltid eit yrande liv, for messa har vore godt besøkt og vi håpar på det i år også.
Åresalg med handlaga arbeid av medlemmer og utstillere er utruleg populært. 2 trekningar kvar dag.


Gruppa Sjeive Sting har i år laga dette slumreteppe, som blir lodda ut på loddbok ilag med andre store gevinster, alle handlaga av medlemmer av Florø Husflidslag. Vi har alle sydd 10-12 blokker på kvar.
Utgangspunktet var blokker på 20x20 cm med hjertepynt i lillatoner.

Variasjonane i blokkene er mange.
Alle teknikkar var tillatt.
Vi er veldig fornøgde med resultatet. Kven vil ikkje vinne dette? 
Messa er åpen både laurdag og sundag.





tirsdag 6. november 2012

Hexagon-brikke

Då klarte eg å få ferdig den brikka, som skulle ha vore ferdig i sommar. Dette er vel litt i overkant å kalle for ein UFO. Berre litt forsinka.
Hexagon-rutene er sydd saman på amerikansk vis.Lærte det på kurs med Wenche fra Northern Quilts.
 D.v.s. sydd saman for hand utan maler,
men så vrangsydde eg den og stikka kanten med maskin. Då stoppa det opp. Eg skulle jo ha spretta den opp igjen, og sydd den sammen for hand. Då hadde den vært heilt handlaga. Det skjedde aldri, så no ein dag bestemte eg meg for; gjort er gjort. Bare å fortsette, ellers så blir den bare liggende.
Handquilta resten. No er den ferdig og kan brukast i det minste.  
Ute er det kaldt og surt, inn er det bare herlig :)
Godt handarbeidsvær!


fredag 2. november 2012

Ein UFO mindre :)

Har satt meg et lite mål om at no skal ein del av UFO-ane gjerast ferdig.
Ikkje alltid eg er like fornøgd eller det er liksom ikkje årstid for å arbeide vidare med eit prosjektet.
Årstidene styrer nok litt kva eg har lyst å arbeide med.
Her eit stitchery fra hefte Fine Sting  Våren - med nål og tråd 
Falt pladask for denne skjønne jenta.
Det er prinsessa mi som skal få det og ho har lenge lurt på kva tid mormor skal gjere det ferdig.
Ho er svært glad i alt som er rosa.
Då får eg sjå kva for ein UFO er skal  kaste meg over no.
Det er snart advent og dei nyinnkjøpte stoffene i lillatoner lokkar veldig.
Kan eg klare å holde meg?

Velkommen til alle nye følgere og takk for hyggelige kommentarer!
God helg!