Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 30. april 2012

Vårduk....en UFO mindre

Som tidligere nemd, har eg tenkt at UFO-lageret skal slankast. Gleder meg egentlig til å få mange av dei ferdige. Dei som liksom har noko vårleg og sommerlig over seg, står for tur.
Denne duken har blitt ferdig idag. Det var bare litt broderi og applikasjon igjen.
Broderi og applikasjonen er hentet fra hefte til Fine Sting.
I dag har det vore ein aldeles nydelig dag igjen, og vi har inntatt uteplassen for fullt.
Kjøpte tidligare i vår, dette etasjefatet og telysholdere, med tanke for å bruke her på uteplassen.
Det gjenstår å bake.
Har også kjøpt kopper og tallerker frå PIP home. Liker dei rosa best, 
men har også kjøpt nokon blå. Sommerfuglene har jeg funne i hefte Våren med nål og tråd fra Fine Sting.
Værmeldingane er fortsatt gode og er heilt klar for nok ein dag på uteplassen.
Ha ein god kveld!

søndag 29. april 2012

Det blømer i min hage....

Kom heim etter helgatur i kveld, og måtte no ut å sjå korleis det stod til i hagen. Det begynner heldigvis å blomstre litt her og der. Eg gle meg over alt liv som kjem fram no. Dagen i dag har vore heilt perfekt.







I morgon har eg feriedag og værmeldingane er lovande.
Då blir det handsaum i sola forhåpentligvis:))

Nyt livet!

fredag 27. april 2012

A Kttens Tale Blokk 6

Det går tregare og tregare med desse blokkene, men er no er eg komen meir enn halvvegs så.......
Det er berre så mykje anna som lokker:) Det å konsentrere seg om ein ting er ikkje mi sterkaste side. Eg tar fram det arbeidet eg ønsker akkurat der og då,og då blir det berre slik :)
Er no blitt veldig glad i desse pusane.
Nokon meir sjarmerande enn andre

Stilkane ser litt nakne ut, men her kjem det masser av pongponger
No er det meldt finevær frå søndag og då lokkar jo hagen. Her er det mykje ein kan ta fatt i om det passar.

Ha ei riktig god helg og kos deg med det arbeidet du sjølv ynskjer der og då!


onsdag 25. april 2012

Kursprodukter

Som nevnt i forrige innlegg, så skulle eg på kurs heile forrige helg med
Wenche Wolf Hatling frå Northern Quilts.
Fredagen var det sammensying med handsøm på amerikansk vis. Bilde kjem ved ein seinare anledning.
Lørdagen var det toalettvesker.
Vi fekk mønster til tre ulike modeller. Her er den eg valgte å begynne på og vart nesten ferdig også, og det er ein god følelse å komme heim med noko nesten ferdig etter ei kurshelg :).
Utstyrte den med to lommer innvendig. 
På framsida har den ein god ekstra lomme. Heilt super idè frå Wenche. 
Litt personlig pynt måtte eg bare ha. 
Her viser kursdeltaker Eli(t.v.) og kursleiar Wenche Wolf Hatling(t.h.) fram dei tre typane/modellane av toalettvesker vi kunne velge mellom.
Eg har også kjøpt sjølve mønsteret til toalettmappa Vårblomst-veske. Like skjønn i virkeligheten som på mønsteret.
Begynte på broderusket på søndagen, då dette var tema for denne dagen.
Mønster til kvar sin personlige merkelapp fekk alle også. Overveldande.
Fargelegging av broderusk var også eit av temane på kurset.
I tillegg fekk vi gjennomgang av mange ukjente sting typer . 
Dette er første gangen eg prøver broderitråden Aurfil. Gav virkelig meirsmak.
Knuter på tråden var ein saga blott :)
Når damene har broderusk for seg, koser vi oss så det synes. 
I det heile ei fantastisk helg,og har du anledning til å gå på kurs med Wenche Wolf Hatling, kan eg trygt anbefale det.

Ha gode dager!

fredag 20. april 2012

Snart helg og kurs

Denne helga skal eg på kurs med Wenche Wolf Hatling frå Northern Quilts. Spenningen er stor og eg gle meg utruleg. Tenk å få senke skuldrane frå kvardagen og berre nyte det. Suge til seg inspirasjon og nyte det sosiale ved å gå på kurs. Luksus.
Det har skjedd lite på handarbeidsfronten i det siste. Har vore på reis nokre dagar, men inni mellom har eg no fått kosa meg med strikkepinnane. Nokre omganger her og der......Alltid litt venting på flyplassane.
Ikkje ferdig med det eno.

Elles så prøver eg å får ferdig nokre gamle UFO-er. Alltid kjekkast å begynne på noko nytt:)

Har no fått ferdig ei god lue til min gode mann, men vi håper han ikkje får bruk for den på lenge. 
Og då eg kom heim etter reise, hadde han kjøpt blomar til meg :) 
På altanen står no stemosblomstrane i full flor. Dei såg ikkje slik ut då snøene lavde ned over dei her for noko sia. Dei tåler det meste. 
Ha ei riktig god helg!
No fer eg på kurs :)))


 

torsdag 12. april 2012

Påskestrikk

Då er påskeferien over og første arbeidsveka er også likeså. Det blei lite sying, mest familiekos og litt småstrikk. Nokre småturar her og der for å besøke mennesker eg set pris på. Akkurat slik som eg ynskte meg.
Hadde litt restegarn frå mariusgensere og lagde to pannebånd. Dei er allereie tatt i bruk av nye eiere.
Et par pusvarmere i alligatormønster.
Garn: Soul fra Dream Line. 
På ein av påsketurane tok eg dette bilde.
Utsikt frå Kvalheimsfjellet mot sør. Midt i mot Hendanes fyr. Bremangerlandet lengst vekke til høgre i bilde.
Lenger ut på fjellet står det 13 vindmøller. Det foregår mange debatter her i distriktet om fleire vindmølleparker. Veit ikkje riktig kva holdning eg skal ha til det. Det er ikkje pent i vår vakre natur, men har vi plass til det likevel. Naboane var plaga med støy frå dei.
Kva synes du?
Ynskjer alle ei riktig god helg!
Og sjølvsagt har eg lagt opp eit nytt strikk :)

onsdag 4. april 2012

Pynteputer

Har lenge tenkt at eg skulle sy nye puter til stua, men kom liksom ikkje i gang. Så var det samling i gruppa Sjeive Sting. Her var tema Dresden plater. Solveig losa oss trygt gjennom teknikken og det var kjempemoro. No har eg sydd to puter til stua, men det er også to stykker til på gang, til altanen/kjøkkenet.
Når ein har for lite stoff til baksida, plussar man på noko:) 
Dresden plater er ein enkel teknikk og kan trygt anbefales. 
Har ein mange rester, er dette ein ypperlig teknikk for å utnytte dei. 
No er det berre å ta kvar si når vi skal ta oss ein middagslur. 
I går skyfla eg vekk snøen, som ikkje hadde smelta, bort i et hjørne på altanen. Då kunne eg sette meg ned i solveggen og nyte påskesola. Sjølvsagt med tova sitteunderlag, godt påkledd og med ein god levegg.
Best å nyte sola mens ein kan. Det er jo ikkje sikkert vi får sjå den meir. 
Har pynta mange krukker til påske. Nokre av plantane heng stygt med hovudet, men her i denne krukka, som står litt under tak, går det foreløpig bra.

Då ynskjer eg alle mine besøkande ei riktig god påske!