Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 4. april 2012

Pynteputer

Har lenge tenkt at eg skulle sy nye puter til stua, men kom liksom ikkje i gang. Så var det samling i gruppa Sjeive Sting. Her var tema Dresden plater. Solveig losa oss trygt gjennom teknikken og det var kjempemoro. No har eg sydd to puter til stua, men det er også to stykker til på gang, til altanen/kjøkkenet.
Når ein har for lite stoff til baksida, plussar man på noko:) 
Dresden plater er ein enkel teknikk og kan trygt anbefales. 
Har ein mange rester, er dette ein ypperlig teknikk for å utnytte dei. 
No er det berre å ta kvar si når vi skal ta oss ein middagslur. 
I går skyfla eg vekk snøen, som ikkje hadde smelta, bort i et hjørne på altanen. Då kunne eg sette meg ned i solveggen og nyte påskesola. Sjølvsagt med tova sitteunderlag, godt påkledd og med ein god levegg.
Best å nyte sola mens ein kan. Det er jo ikkje sikkert vi får sjå den meir. 
Har pynta mange krukker til påske. Nokre av plantane heng stygt med hovudet, men her i denne krukka, som står litt under tak, går det foreløpig bra.

Då ynskjer eg alle mine besøkande ei riktig god påske!

6 kommentarer:

  1. Blir imponert over bruken av rester,og nydelige puter!!
    I skrivende stund snør det ikke her, men sannelig har det snødd!!
    Kos deg masse i påska, klem fra mæ;)

    SvarSlett
  2. Bruk av Dresden plater ser veldig fristende ut etter å ha sett de flotte putene du har laget!

    Håper vi sees fredag:)

    SvarSlett
  3. Disse putene var virkelig flotte.Så flink du er.
    Klem

    SvarSlett
  4. Så fine dei blei:) Mine ligg på vent enda :( Ynskjer deg ei god påske:)
    Klem Laila

    SvarSlett
  5. Dei nydelige , fantastiske flotte stoffa du har brukt i putene!!!! Knall bra. Eg fekk lyst å prøve eg og :))))
    God påske! klem lilla dør

    SvarSlett
  6. Flotte puter du har sydd. Denne teknikken har jeg ikke prøvd. Krever den ikke en del håndsøm? Jeg har en tendens til å vike unna alt som heter håndsøm *hehe*

    Ha en super påske :-)

    SvarSlett