Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 30. mars 2014

Fleire korger og oppskrift

Fleire korger i lin!

Inni i mellom andre prosjekt, som tar litt tid å ferdigstille, er det kjekt å sy korger.
Kjekke presanger å gi bort. Her ser du nokre av dei eg har sydd no.

 Dei blir brukt til litt etter behovet. Telysbeholder, hårstikksamler, ordner på badet, brødkorger,
ja det er bare å bruke fatasien alt etter behovet..
No begynne det å tynnes i knappelageret mitt, så desse er nyinnkjøpte på Frøken Fryd i Florø.

Fann oppskrift på denne typen korger på  ein blogg, men finn den ikkje lenger.
Har laga meg eit notis, som eg gjerne deler.Eg syr den gjerne i andre størrelser også.
Det er berre å prøve seg fram.
Lykke til om du vil prøve deg :)











lørdag 22. mars 2014

Ny handarbeidsveske

Handarbeidsveske!

På medlemsmøtene til quiltegruppe har vi oftast eit tema. 
Denne gangen fikk vi lære og lage denne handarbeidsveska.
 Valgte å bruke eit fargerikt stoff med ugler.
 Som lukning har eg sydd borrelås i hanken.
Habalonvatt for å gjøre den stødigere.
 Veska har fått fargerike stoffer inn i også. 
Ferdige mål er 26 cm høy og øverst er den 30 cm bred.
Akkurat passelig til å ta med seg handarbeid  i når ein skal på klubb.
No ser lyst på kvardagen og har tenkt å møte våren med fargerik handarbeidsveske.

Gjer dagen din god med farger!



fredag 14. mars 2014

Mobiletui

Mobiletui er alltid kjekt å ha og denne gangen har eg vevd og tova.
Begge to er laget på samme mal, men dei forskjellige garntypane tovar forskjellig.
Alltid like spennande når ein opner maskina og får sjå resultatet.
Den lyse, som ble for kort til min Iphone, er med Vamsegarn både i renning og innslag.
Den tovet for mykje.
Den mørke er det brukt P3 strikkegarn til renning og Eskimo til innslag.
Den blei heilt passelig :)

 Litt pynt må til :)
 Til lukking har eg brukt borrelås.
Alltid kjekt å prøve noko nytt.

God helg!

søndag 9. mars 2014

Toalettveske

Skulle i 50-årsgilde i helga og presang må ein jo ha med. 
Jubilanten er eit underbart menneska som alle er glad i., då må jo presangen også bli noko spesielt.
På lageret hadde eg liggande stoff  og ferdig broderusk til ei  toalettveska 
"Vårblomst-veske"  mønster frå Northern Quilts.  No var det rette anledningen til å ta det fram.
 Denne gangen er boderusket nesten likt mønsteret, 
mens sjølve utformingen av veska blei etter eget hode.


Innerlomme kjekt å ha.....



Pynteperle på glidelås fangeren
 
Sjelden eg bruker krokelisser, men her passer det og det er etter ide fra orginalmønsteret.
  


Putta ein smykkepung oppi også ilag med nokre gode kremer.
Gåva blei godt mottatt og festen var upåklagelig. 
Stort koldbord, kakebord og med livemusikk til dans til langt på natt.
Storkosa meg skikkelig. Godt å treffe slekt og vener i slike anledninger.

Ha ei riktig god veke!


onsdag 5. mars 2014

Jippi...... det våres......

Et lite glimt fra hagen i februar

Tok nokre bilder i hagen siste veka
 Det er så godt å sjå det spirer og gror
 Og sjølvsagt er snøklokkene på plass.
Dei er trufaste
Gjer dagen din god!

mandag 3. mars 2014

Mange vesker kjekt å ha......

Ruska litt rundt på syrommet mitt ein dag 
og her fant eg ferdigklipt stoff og ferdigsydd glidelåslomme til ei veske.
Kjekt å finne seg ein UFO i ny og ne. Det manglar i alle fall ikke på dei.
Bestemte meg for å ta fatt der eg slutta og sjå no er den ferdig.



Litt pynt må ein jo ha :)
Fant ein emaljert beinknapp på lageret
Glidelåslomme har eg sansen for.
 Og då er den klar til bruk :)

Ha gode dager!