Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
Viser innlegg med etiketten veving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten veving. Vis alle innlegg

onsdag 14. mai 2014

Ein titt i min kvardag

Eg putlar med litt av kvart. 
Koser meg litt her og litt der i mine prosjekter.
Eit teppe skal ha 74 slike jo-jo-er. Kosearbeid,  men heldigvis snart ferdig.
Etterpå er det 6 m med lukkekant.....akkurat det kan eg styre min begreisting for.
 Endelig har tennisalbuen begynt å bli bra 
og det er ein fornøyelse å kunne sy stitchery igjen. 
Som du ser så bruker eg den blå tusjen som ein berre vasker vekk etter sying.
Nålebrev på gang.
 Det nærmer seg 17.mai og fleire pyntesløyfer er under arbeid.
Å sitte på altanen i sol og varme og veve....lykkestund!!!
I morgon skal eg ta fram bunandskjotene for oppskylling og stryking. 
Kanskje er burde sjå over bunadssølvet også. Min mann har 36 knapper som bør pussast.
Det må jo heldst skinne på den store dagen!

Helsing ei som likar å feire 17.mai

tirsdag 1. april 2014

Veving av etuier

Vevgruppa i Florø hadde eit minikurs på Årsmøte for Sogn og Fjordane Husflidslag.
Tema: Veving av mobiletui
på pappmaler
Testing av maler og garn til renning og innslag blei testa.
Her er det brukt Vamsegarn både til renning og innslag.
Den fletta pynteremsa er av Eskimogarn.
For at utside og innside ikkje skal tove seg ilag, har eg festa ein plastpose inni.
Toving er spennande
Fleire modeller og garn blei testa.


 Denne modellen har P3 strikkegarn til renning og Eskimo til innslag. Strikkegarnet tova ikke så mykje som vamsegarn og følte eg hadde litt meir kontroll for:

Toving er spennande. Eg brukte vaskemakin og 40gr.
Like spennande kvar gong. Den mørke modellen passet akkutat til min Iphone 5.
Samme malen blei brukt til begge modellane.

Til lukking har eg brukt borrelås.
Dette er ein aktvitet som passar godt i lag med barn f.eks.
Ein kan lage etuier eller vesker til det som den passer til nå ein ser resultatet.
På kurset lagde dei seg mobiletui, strikkepinneetui, handarbeidsveske osv.
Lyke til om du vil prøve deg!



fredag 14. mars 2014

Mobiletui

Mobiletui er alltid kjekt å ha og denne gangen har eg vevd og tova.
Begge to er laget på samme mal, men dei forskjellige garntypane tovar forskjellig.
Alltid like spennande når ein opner maskina og får sjå resultatet.
Den lyse, som ble for kort til min Iphone, er med Vamsegarn både i renning og innslag.
Den tovet for mykje.
Den mørke er det brukt P3 strikkegarn til renning og Eskimo til innslag.
Den blei heilt passelig :)

 Litt pynt må til :)
 Til lukking har eg brukt borrelås.
Alltid kjekt å prøve noko nytt.

God helg!