Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

torsdag 15. mars 2012

Valgets kvaler

Eg har egentlig satt med ein tidsfrist for eit arbeid eg held på med, og denne gongen skal det etterlevast. Det skal være ferdig før påske, ikkje noko knussel no. Her er det litt applikasjonsarbeid til å putle med også. Trur eg veit korleis det skal bli  til slutt, men alt kan skje undervegs. Mønster har eg ikkje.
Men så hadde vi samling i gruppa Sjeive Sting her ein kveld og då fekk eg aldeles blod på tann. Dresden plate er berre heilt toppers, i alle fall når ein held på med noko anna som berrrrre måååååå bli ferdig og det ein aller heldst har lyst å fortsette med, må leggjast tilside. Inn i mellom må eg berre ta det fram. Skjære nokre bitar, sjå på stoffa, flytte litt rundt på dei. Då må eg snakke litt fornuft til meg sjølv og leggje det tilside.
Resten av denne veka blir det ikkje tid til verken blogging eller sying, men du verden så eg gle med til neste ledige stund ved symaskina.
Skulle gjerne ha vore i Bergen kommande helg på NQF sitt arr. der, men slik passa det ikkje denne gongen. God tur til alle dei som tek turen dit.
Ha ei riktig god helg!

3 kommentarer:

  1. Ny duk til påskebordet? Ser lekkert ut, gleder meg til å se ferdig resultat.
    Lykke til videre også med Dresden plate.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen påskeduk på gang nei :)

      Slett
  2. Hei. Så mye fint du lager. Jeg blir i godt humør og kjenner arbeidslysta krible av å kikke. Synd du ikke kom deg til Bergen,håper du får tatt deg en tur til Sarpsborg neste år.

    SvarSlett