Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 24. mai 2009

Dagens quiltearbeid


I dag har eg begynt på eit vognteppe. Det har tatt litt tid før eg viste korleis eg ville ha det, men her ser de korleis eg har begynt. Trudde i utgangspunktet at eg skulle bruke ein del blonder, men har vel egentlig lagt vekk den tanken. I dei lyse felta trur eg det blir quilta abstrakte figurar eller kansje hjerter. Vi får sjå.


Eg har hengt opp eit laken på veggen bak døra på syrommet mitt slik at det kan arbeidast vidare med der det heng. Då slepp eg å pakke ned og opp ettersom eg har tid og lyst. Dette har eg praktisert i mange år og for meg fungerer det bra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar