Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 12. februar 2012

Helga er snart over

Det er søndagskveld og eg nyt dei siste timane av helga. Fredag og laurdag var det fullt hus med alle mine kongelige på besøk. Alle vil ha ein bit av deg og einaste prinsessa fekk seg til og med ei lita stund med mormor på syrommet. Kinasjakk og Monopol vart det også tid til. Kan ein ha det betre.
I dag har eg fått mange gode helsingar frå dei alle.
Dei er så oppfinnsomme. Sjå berre her eit kort med bilde av meg som lita jente i vogna mi
Det var heilt andre vogner den gongen 
Eldste prinsen ønskte seg ny væske til å ha både DS, mobil og lader i når han skal på tur eller på besøk hos kamerater. Stoffet har han valgt ut sjølv. I helga fekk han den og alt var i skjønneste orden.
Har sydd den slik at den kan brukast på begge sider. 
Ynskjer dykk alle ei riktig god veke!


1 kommentar:

  1. Å, så flott kort! Koselig barnebilde av deg. Vognen var veldig moderne i sin tid:)
    Flott pose til DS.

    SvarSlett