Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

torsdag 21. juni 2012

Hei igjen

Ville berre gje eit lite vink frå meg. Det vil ikkje bli det heilt store med bloginnlegg i sommar ser det ut for. Har bestemt meg for litt bloggferie. Men av og til vil de høyre frå meg.
I begynnelsen av juni var eg på festmiddagen på landsmøte til Norges Husflidslag. Her hadde lokallagene i Sogn og Fjordane ein presentasjon av laget sitt. Det som fanga interessa mi mest, var denne strikkedama frå Stryn Husflidslag. Bare herlig i mine auge.
Min gode mann og eg har vore ein tur til Mallorca. Måtte berre sikre oss litt varme i kroppen. Ein nyelse frå vi landa til avreise heim atte. Siste dagen var det til og med overskya, så då var det ikkje like trist å reise heim atte. Ei perfekt veke med herlig temperatur, svalande vind og late dager. Seine frukoster, strandliv med kjølende dupperter i sjøen og gode måltider. Tapasmenyane var både spennaende og smakfulle. Her var det mykje å prøve seg på. Hadde oss også nokre turer inn til Palma og rusla litt gatelangs.
Ikkje alle hus står på murane sine. Denne skulpturen var litt spesiell.

Parkanleggene var smakfulle 
Været har visst vore litt i kaldaste laget når vi var borte, men no ligg det an til nokre fine dager heime. Skal nytast. Turer i skog og mark lokkar.
Handarbeidet har vore med på tur, men det får vi ta ein annan dag.

Ha gode dager!

2 kommentarer:

  1. Du har virkelig ikke gått glipp av noe her hjemme, så denne ferien hørtes perfekt ut!
    Satser på ei god St.Hans.helg, kos dæ masse! Klem;)

    SvarSlett
  2. Velkommen tilbake, og så kjekt at du tok med deg solen hjem til Vestlandet:)

    Ha en riktig fin St. Hans feiring.
    Klem.

    SvarSlett