Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 29. november 2013

Adventskalender

Advent nærmer seg og eg har sydd adventskalender til minste barnebarnet

 Mønsteret er fra Tilda, men eg har no flytta litt på figurane slik at den er blitt litt personlig








Ønsker dere alle ei riktig god adventtid!

onsdag 20. november 2013

Forkle.....klar for baking, trudde eg

Var ein tur til Stockholm i høst. Heilt tilfeldig kom eg over dette stoffet 
og planen var at eg skulle sy vesker av det,
men så kom det ein bestilling på eit forkle.
Både mottakaren og eg var enige om at dette stoffet paste heilt perfekt.

Motivene er fra kjende bygningar i Stockholm.



Vel ferdig sende eg det i posten,
men det kom aldri fram.
Eg har mange ganger sendt ting som brev, det skulle eg tydeligvis ikkje har gjordt denne gongen.
Har fått beskjed frå posten at dei kan ikkje spore det så lenge det er sendt som brev.
Forkle er å anse som tapt, men har no bilder å minnast det med.

Eg skal ikkje furte, men er no litt lei meg likevel.

Gjer dagen din god uansett kva som skjer!
 

mandag 4. november 2013

Dykk i restekassa

På siste quiltemøte var tema dykk i restekassa.
Eg lagde meg ei stor handarbeidsveske.
Kva som er framside og bakside kan eg no velge alt etter humør :)
Ei side med roser
Lapper i forskjellige størrelser
Ei side med hjerter og
litt blonderester
Litt på kryss og tvers
Ei hempe så eg kan henge den opp etter
  og litt meir blonder på skrå
Godt å kunne nytte rester til noko så praktisk som ei handarbeidsveske!
Kva bruker du rester til?

Takk for besøket!

Gjer dagen din god!

lørdag 2. november 2013

Stemorsblomster i november

Det blomstrer framleis i pottene mine ved inngangsdøra
endå vi er komen til
 november

Stemorblomstrene kjøpte eg i mars, så ein godt sei dei har gjordt kvardagen min god.

God helg!

lørdag 26. oktober 2013

Lilla løper

Stoppefoten er både utfordrende og gøyal.
No er eg ferdig med ein løper etter kurset med Anne Beier Finnestad.
 Har prøvd meg på fleire uttrykk.
 
 Mange rundinger
og nokre hjerter her og der.
 Med litt frisaum forandrer uttrykket seg merkbart :)
Løperen passer perfekt til sin nye heim.

Ønsker alle som titter innom
 ei riktig god helg!


mandag 14. oktober 2013

Reisestrikk

Det har vore mange reisedager i haust
og eit strikk er godt å ha med.
Pulsen senker seg merkbart når ein tek fram strikkepinner og garn, og
så er det greit med mønster ein har strikka tidligere, då går det nesten av seg sjølv.
Lobbar er det alltid nokon som ønsker seg. Det er litt forskjell på str.39 og 46.
 Lange pulsvarmere. Mønster eget hode.
 Enda eit par votter
Høsten har vore på sitt vakraste dei siste dagane.
Her nærmer det seg solnedgang. 
Aldri på tur uten handarbeid :-)) 
Gjer dagen din god!

torsdag 10. oktober 2013

Ugleputer

Tre ugleputer etter
mønster fra AnnAKa
Ei ugle er søvnig eller....., den andre lys våken :)
Ei blunker lystig til deg



Kanskje den tenker eller....

No er det lovande værmeldinger og eg skal fylle på med sol og energi. Gråvær tærer på.
Takk for besøket!
Ønsker alle ei god helg!

torsdag 3. oktober 2013

Høst i hagen

Vi har hatt nokre fantastiske fine haustdagar
og det har voregodt å kunne nyte det som endå blomstrer ute hagen
her ein liten titt om du vill

    Flekkhjortetrøsten blei bare ca 2,5 meter i år, men praktfull for det.







Takk for besøket og velkommen tilbake!

Pink Give Away hos Liv Aagot

 

Pink Give Away hos Liv Aagot