Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 28. juni 2009

Inspirasjonsdag

Denne dagen har eg fått maksimalt ut av. Sove lenge og godt. Deilig frukost på altanen i skyggen. Avslutta med å lese gjennom resten av avisene frå laurdagen. Perfekt start på dagen. Så vart det avlagt eit besøk hos ei god syvenninne. Ho gav meg all den inspirasjon ein kan ta imot for dagen og dagane framover. Ho og ei anna god syvenninne har vore på kurs medan eg var i syden. No berre klør eg i fingrane, men kva med alt eg held på med? Skal dei prosjekta ende opp som ufoer dei og. Nei nokre må avsluttas. Likevel, eg har i allefall materialene klar for nye prosjekt på lager. Lin, japankse stoffer, blonder og pynteband. I ettermiddag var vi i bursdagsselskap til ei niese av oss. Ho fekk seg ein løpar med stjerner. Snart har to andre bursdag og noko må takast frå lageret med ferdig prosjekt. Det er alltid godt å etterfylle. Her er det nokre av desse nye prosjekta kjem inn. Med det skal ikkje bli noko problem når ein berre kan besøkje ei venninne og motta inspirasjon. I kveld har eg sete i solnedgangen til kl. 22.30 og sydd lukkekant. Det er det tidligere nevnte vognteppe som er i sluttfasen. Det er framleis lyst ute og eg trur eg tar med ein tur ut på altanen igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar