Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 24. juni 2009

Jonsokafta



Jonsokafta blei feira i går med grilling og båttur. Det var eit yrande liv på sjøen slik det alltid er i Florø. Bålet blir brent på Rota. Før i tida hadde vi to bål. Eit på Klubben for utibynarane og eit på Rota for innibynarane. Det var om å gjere kva for eit som brant lengst. I tillegg var det, og er fortsatt, mindre bål fleire plassar rundt omkring i byn. Hadde planar om å sjå bålet på den nye badeplassen vår på Sørstrand. Her er det nokre ildsjeler som har satt igang eit kjempefint prosjekt som skaffar byen ny badeplass med sandstrand. Det var ein fantastisk kveld og det så ut til at alle koste seg.

Det var både store og små båtar på hamna denne kvelden. BN 152 frå STX Norway Florø AS hadde lagt til kai i hamnebasenget. Dei gjekk vidare på prøvetur kl. 23.45.

1 kommentar:

  1. Det ser ut til at du har hatt ei fin jonsokferiing. Eg høyrde at du var på sjøen, det var ein fugl som kvitra....;.)

    SvarSlett