Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 27. januar 2013

Pulsvarmere for kalde dager

Det er framleis kaldt ute, sjølv om det ikkje er dei kuldegradene som her tidligare. No er det vinden som gjer det kaldt. Kuling og regn, hutte meg tu. Bare så glad vi ser i februar.
Etter  å ha strikka med pinna nr. 2,5 ei stund, bestemte eg meg for å prøve nokre nummer tjukkare.
Falt pladask for garnet Kashmir Alpakka frå Sandnes og har brukt pinnar nr. 5,5.
Mønsteret stod i eit julehefte frå Familien før jul.
 Det bli lett fargeforskjeller på innebilder og utebilder. Her blei det veldig påfallande.
 Innebildene likner meir på den rette fargen.
Då eg kom heim med garnet, fann eg ikkje mønsteret, men hadde no lest gjennom det og så var det berre å prøve. Då første paret var ferdig, fann eg det og måtte strikke eit par etter oppskrifte. Forskjellen er at flettene i mønsteret går over 3x4 masker, mens eg hadde 3x3 på første paret. Veit ikkje om det utgjer så store forskjellen.
Før mildværet kom var eg ute i hagen ein dag og tok nokre bilder. Kulda pyntar naturen på ein mesterleg måte.
Takløken hadde nok satt pris på et lite lokk med snø mot kulda.
Blir spennande å sjå kor dette går. 

Men idag har det vore ein ruskete dag.Slik såg det ut ned på fjorden.

Klem frå ei som ser fram til lysare og varmare dager!

6 kommentarer:

  1. Likt godt pulsvarmarane du har strikka. Det ser ut på bildene at du trenge dei :). Friskt bilde frå sjøen, fekk igrunn heimlengsel. Goé veke til deg. klem

    SvarSlett
  2. Å disse pulsene likte jeg godt!! Må ut og lete etter Familiensjulehefte, de var rålekre!
    Ha en fin januarslutt, klem;)

    SvarSlett
  3. De pulsvantene likte jeg også veldig godt! Kjempefine.
    Håper takløken klarer seg under rimfrosten.

    Ha en fin uke:)
    Klem.


    SvarSlett
  4. Det var flotte pulsvarmarar!
    Du treng nok dei ei stund endå, me må nok vente på våren ei tid....
    Me skulle gjerne hatt snø, hadde gjort seg med litt isolasjon.
    Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  5. Kjempefine pulsvarmere! Ha en fin dag!

    SvarSlett
  6. Ja, den som kunne stikke slike flotte vanter.... Jeg skulle vel fått det til tror jeg, men de hadde vel blitt en ufo som så mye annet :-) LEKRE!!! Snø??? Kan få litt av meg hvis du vil. I går falt det 30cm, IGJEN, så nå vil vi ikke ha mer snø. Jeg sa til gubben i går når vi måka: Kommer det mer nå så får vi ta det med inn...heheh

    SvarSlett