Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
Viser innlegg med etiketten PIF. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten PIF. Vis alle innlegg

tirsdag 2. april 2013

Pay it Forward


I fjor sommar melde eg meg på "Pay it forward" hos Laila. med bloggen Stofftausa
Det gjer ikkje noko at det har tatt tid. Då føler ein ikkje noko tidspress sjølv og ein har jo 12 mnd, på seg og då kan det lett bli ein ekstra overraskelse for mottakeren.
Sjå kor heldig eg var.
Det er ikkje mange dagane sida eg tenkte at no kunne eg godt sy meg ei ny toalettveske.
Av og til må ein berre lure på kva er det som skjer rundt meg.
Dette var jo heilt topp :))
Fletteteknikken heiter Meshwork
Eg har aldri prøvd den så dette var ei kjær gåve.




Og no er det mi oppgåve å bringe denne leiken vidare.
Eg håpar det er tre stykker der ute som kan tenkje seg å motta ei heimelaga gåve frå meg innan eit år.  Mottakaren må så, innan 12 månader, sende ei heimelaga gåve til tre nye personar.
Dette er min 1. PIF, og eg kvir meg ikkje på å melde meg på fleire.


Har du lyst til å bli med??
Legg igjen ein kommentar og meld deg på.

https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjoFWm1BB_Ac6HESpm_ao4XN146T_Geb56Qp6qC4PrmuuT0D4gFivWzAnBVaSs1ymdOKwRJQVAVaenkT-5BMh6zlaMAJAfqyxZS8UVSHuSu8mluv4F-TWVle7G6xBO8nfgXIddKXQF4Y0Y/s1600/PayItForward_thumb%255B1%255D.jpg