Tenk no har eg berre sydde frå restlager og gamle prøvelapper, og her er det mykje å ta av.
Ynskje var enkle tynne mapper til å ha utstyr i og dei skal ned i eit skrin, så ingen ekstra duppedingser på sider. Alle måtte være veldig forskjellig og gjerne i sterke farger.
Mappene skulle være 22 x 22 cm.
Her er det brukt rester frå løperen Ung Løper som blei sydd i 2009.
Hjerte ble satt på litt på skrå. Det er jo alltid det enklaste :)
og gjerne det likaste. Synest det skaper meir liv.
Her er ein prøvelapp etter eit kurs med Kari Melsom på Holmen Gård. Det er så lenge sida at eg veit ikkje årstallet eingong.
I midten på denne er det brukt ein prøvelapp på chenille, der ein syr rette sømmer gjennom fleire lag med stoff for så å sprette opp gjennom alle lagene bortsett frå det underste.
Alle mappene har fått lyst stoff til for så det er lett å finne igjen det ein har putta oppi.
No gjenstår det å høyre med mottakaren om dette kan passe ho.
Men no vil eg gjerne sy i lysarere farger. Har fått forespørsel på ei lita toalettveske. Ei til berre det mest nødvendigaste for eit par dager. Etter å ha funne stoff, som eg synes passer sammen, kutter eg opp nokre ruter, syr sammen, deler arbeidet opp igjen, snur på sammensetningen......setter på litt blonder, tar dei av igjen for så å sy dei på igjen.....ideane renn på etterkvart som arbeider tar form så får eg sjå kva det blir til slutt. Det er dette som er moro :)
Ynskjer alle mine besøkande ei riktig god helg!