Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

torsdag 30. august 2012

Vottar med plantefarga garn m.m.

Som de sikkert såg i eit tidlegart inlegg her på bloggen min, så hadde eg ei gammal treskål med heile 19 smånyster med plantefarga garn ståande. I Norsk Huslid nr. 3 2012, stod det ei oppskrift på vottar med nettopp plantefarga garn og Finnull. Det vart liksom startskuddet for meg.
Møsteret er utforma av Kristi Nilsen
Eg brukte pinne nr. 2,5
 Spenninga var stor underveis......hadde eg nok garn av kvar farge så eg fekk to like vottar. Strekte ut og delte nystene i to og håpa på det beste. Det gjekk bra. Dei er berre så herlige og skal bli gode å ha.
 
Eg har lett for å endre på oppskrifter slik at dei blir slik eg vil ha det. Slik har det gått denne gongen også. Synes brotet var for vidt, så eg la opp 10 masker mindre i brotet og auka dei ut etter brotet slik at masketalet stemte med oppskrifta før eg begynte på mønsteret.

På neste paret har eg gjordt endå større endring og det skal de få sjå når dei er ferdige.
Eg strikkar gjerne nå vi er ute å køyrer. Ofte kjedelige desse transportetappane, men med eit strikk på hand, går det liksom mykje fortare. Her eit par sokkar av villsau. D.v.s. eg har brukt Sterk anna kvar omgang i helen og foten. Er veldig spent på korleis dei tåler vask. Vil villsaugarnet krype/tove meir enn Sterk . Har du erfaring?

Ute regner og regner det. Inne er det varmt og godt, men eg lengtar ut. Vil liksom ikkje sleppe årstida med det gode utelivet endå. Ein tur ut i plommetreet for å innta dagens rasjon må ein jo berre ha. Så gode at sjølv om det regnar og bles aldri så mykje, må eg berre ut og myse opp i greinene og finne akkurat dei plommene eg trur er best idag.
Ellers så er det endå mykje som blomstrar i hagen eller dei er rett og slett dekorative i form og farge.






 
Ønsker alle gode dager!

torsdag 23. august 2012

Slumreteppe

Slumreteppe er ferdig til bruk:)
Teppe måler 188cm x 144cm 
Dei applikerte blomane har eg tegna på frihand. Egentlig veldig artig. Då er liksom uttrykket heilt mitt. 
Stoppefoten har eg vist ikkje nok trening på for tida, men slik blei det.
Teppe skulle jo ha eit rustikk uttrykk så... og det har det vel...
Utgangspunktet var eit teppe som Kari med bloggen Lilla Dør hadde som modell på kurs i fjor haust med lyst stoff og blonder. Eg hadde ein bunke stoff i ein heilt annan sjanger. Hadde litt lyst til å bruke dei og så blei dette min variant. Har nok av slike bunker med stoff som ikkje vart til noko. Og der ligg dei.
 No er det berre tre veker til eg skal på nytt kurs med Kari og gleder meg.  
Trengde noko med litt rustikk struktur og klipte opp ein gamal bomullsgenser frå min gode mann.
Brotet gav jo litt ekstra. 
Teppe er mjukt og godt og fell godt om kroppen slik eit slumreteppe skal gjere 
Har brukt bommullsvatt inni og til bakstykke eit stoff eg ikkje heilt kva det er,
men det kjennast som det er ein god del ull i det. 
Skal bli godt å ha til kjølige kveldar ute på altanen,
for det kjem vel fleire slike som vi hadde forrige veke.

Ønsker alle mine besøkande ei riktig god helg!


lørdag 18. august 2012

Laurdagssysler

Dagen i dag har gått med til applikering av eit slumpreteppe. Her før eg begynte. 
No er det for dårleg lys til fotografering, så resultatet kjem seinare. Lukkekanten er påsydd og det er berre å begynne :) Ikkje det kjekkaste eg veit.
No er det tid for litt laurdagskos og etter middagen skal strikketøyet fram. For mange år sida var eg på kurs i plantefarging av ullgarn. 19 forskjellige farger blei det. Alle fekk kvar sitt nyste av dei forskjellige fagane vi fekk til. Hos meg har det lagt til pynt i alle år. I Norske Husflid nr. 3 2012 har dei eit mønster på vottar som nettopp er strikka i slike smånyste med sjølfarga garn. Eg grip ideen og endelig skal garnet komme til nytte.

Vi har hatt nokre fantastiske dagar denne veka og kveldane har vi tilbrakt ute på altanen med masser av levande lys
og sjølvsagt må ein tenne lys inne også.
Løparen er frå Fine Sting sitt hefte VÅREN - med nål og tråd.

Sjølv om det regner, er temperaturen framleis herlig og skal nok på altanen i kveld også :)
No er det lammeskanker m/rotmos og nokre gode dråpar til :)
Ønsker alle ei riktig god helg!

onsdag 8. august 2012

Korger i fleng

Ja eg måtte jo berre sy fleire når eg først var på gang.
Sikkert nokon som har bruk for dei :))
Har hatt mange fine turer i fjellet i sommar.
Ikkje alltid det er så godt fotovær og ikkje alltid at apparatet er med.
Her eit bilde frå Lundavarden  i Nordfjord 769 m.o.h.med utsikt over Eidsfjorden, ein del av Nordfjorden.
Vi kom oss akkurat ned igjen før regnet kom.


No er det sanketid og eg gle meg til å hauste av skogen og fjellets grøder.
Hausten er i grunnen litt hyggelig travel. Siste krampetrekningane før hauststormane og vinteren setter seg.
Akkurat no berre nyt eg livet alt eg kan :)) sjølv om ferien er over. Regnværsdagane nytes på syrommet. Her er det mange prosjekt som kan ferdigstillas og det skal også bli ein nyteslse.
Då er det veeeeeeldig lett å begynne på eit nytt.
Ønsker alle gode seinsommardager!


torsdag 2. august 2012

Prinsessa forsetter å sy toalettmapper

Det er skuleferie og vi er gode feriedager heime. Då felle det naturleg at prinsessa kjem til oss av og til
Symaskina er eit ynda tema og ho er nok inne i toalettmappe modus.
Her er den siste ho sydde
Eg har sydd nokre korger. Dei vil eg gjerne ha, var det ei som sa, og og eierskapet er fordelt.
Blir nok fleire:) 
God helg!


onsdag 1. august 2012

Ut på tur

Mange ville nok tenkt mest på shopping om ein reiser til Oslo
men det hadde vi ikkje hovedmålet vårt
vårt ynskje var tur i Nordmarka
Starta ved Songsvann og gjekk vidare til
Ullevållseter
deretter til Frognerseteren

og avslutningsvis i Holmenkollen.

Men sant nokså hoppa vi av bana for at eg skulle få meg ein avstikkar til Katrines Quiltestue.
Sjølv er eg lite kjent, så det er min kjære som må finne fram.  Det gjer han så gjerne :)
Ikkje sikkert det er så mange som møter i fullt turutstyr på handletur, men slik er eg.
Kjøpte meg bl.a. denne rullen og litt til
Vi har hatt mange fine sommerdager siste uka og eg trivast med svart jord mellom fingrane.
Her eit bilde frå bedet som er under renovering. Øverste delen skal beplantes med rhododendron til våren. Nå skal alt av planterester og ugras lukast slettes. Nederste delen skal beplantes med kun stauder. 
Ha gode dagar!