Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

lørdag 25. februar 2012

Toalettveske, strikkepose og trekantpung

En niese fylte år her om dagen. Sydde henne en toalettveske. Eg likar å sy toalettvesker og har mange rundt meg som ynskjer seg det og. Ikkje for det at dei ikkje har fått  før, men behovet endras seg eller
det er veldig greit med litt fornying også. Har bare 8 nieser, 3 døtre, søstre, svigerinne og noen herlige veninner. Er det rart at jeg trives med å sy toalettvesker, mapper og punger. Det er alltid nokon som ynskjer seg eit kvart.
Denne er sydd etter samme lest som de har sett før.
Bunnen fekk eit mørkere stoff. Quilta det litt for å få litt meir hold i den.
Det var jo meir igjen av testblokkene mine, og sydde like godt ein strikkepose.  
Bruker jo litt tid å kikke på nettet og her ein kveld fann eg oppskrifta på denne. Tenkte litt på alle dei stoffene eg har med friske farger. Så blei denne til då. 

No er snøen i ferd med å forlate oss og det har nesten vært vårlig idag. Det er lov til å håpe :) sjølv om vi skriv februar.Mars er ofte ein snørik måned her på desse kanter, men kanksje "snødryssaren" hopper over oss i mars. Eg må no berre tilstå, eg ser fram til våren no.

Ynskjer alle god helg!


søndag 19. februar 2012

Englevotter

Eg er no slik at eit strikk er godt å ha, (kanksje to) og vottar er tingen i desse vintertider.
Mønster til desse Englevottan kjøpte eg på nettsida hos Muffins Verden
Design: Jofrid Lindvik
Garn: Rauma 2tr Gammelserie Strikkegarn
Pinner nr. 2,5 mm

Har no prøvd å slå av ordrebekreftelse og åpna for anonyme kommentarer. Vennligst gi meg tilbakemelding om det funker.
Ynskjer alle ei god veke!


fredag 17. februar 2012

Eg testar del III m/avslutning

Her kjen siste del av testen. Det har vore inspirerande og gjeve meirsmak. Her skal du få sjå korleis det gjekk:
Blokkene blei spretta i frå kvarandre igjen, for her kom det eit ynskje om ei høg mappe til shampo- og body- lotionflasker osv. Til dei treng jo ein litt ekstra høge toalettmappe. Eg har sydd mange mapper etter denne metoden og vil du sjå andre utgaver, er det berre å bla nedover i tidligere innlegg.
Først sette eg inn eit stykke rosa til bunnen mellom blokkene. Deretter endå eit rosa stykke som skal danne toppen av mappen.
Til vatt har eg brukt vanlig bordvatt og til for, bruker eg gjerne lyse stoffer, for då er det lettare å finne igjen små ting inne i mappene. 
Quilta alle laga sammen. Legg merke til at eg quiltar 1/4 " langs med bunnen på begge sider. Sjå lenger nede kvifor. 
Skjærer reint langs med alle kantar og setter på lukkekant på kortsidene. Lukkekanten skjærer eg 1,5", bretter den over og fester med knappenåler.Den ekstra bredda er fordi eg her vil sy den på med maskin.  Det er ein fordel at glidelåsen er litt lenger enn den eg fant, men den er lang nok.
Eg åpner opp glidelåsen før eg syr den på, men det er jo ein smak sak. No syr eg fast både glidelås og lukkekant på ein gang.
Etterpå syr eg sidene sammen. Passar på at bretten i bunnen treffer midt på bunnstykke. Husk at glidelåsen må være open før du syr sammen sidene. Ønsker ein å ha hemper i sidene, må dei også settast inn no der glideslåsendane er.
Då skal hjørnene syes inn for at mappa skal ha flat botn. Som tidligere nevnt, når eg quiltar, syr eg ein kvart inch på begge sider av sømmen mellom sidestykkene og bunnen. 
Når ein vrenger mappa etter sammensying, ser ein også tydelig kvar ein ønsker å sy slik at bunnstoffet kun forblir der og at eg treff midt i sømmen.
Vrenger arbeidet og måler med linjalen at hjørnet er rett. 
 
Syr midt mellom dei to stikkningane.
Då treff eg akkurat i sømmen mellom bunnstoff og sidestoff. 
Sjå berre her :) 

Og her ser ein den ferdig toalettmappa til store flasker som shampo og liknande.
Framsida
Bakside 
Her ein dag fekk eg ein mail frå ei hyggelig quiltedame, ho hadde funne det eg lette etter. Tusen takk. Oppskrifta og veiledning til "Delt nierruter" og den er til ein påskeløper.
Du finn det i
Norske Quilteblad nr. 1 - 2008
Her vil du sjå at valg av fargar i dei forkjellige rutene har veldig mykje å sei for uttrykket som blir etter deling.

Ynskjer alle ei god helg! Sjølv skal eg pleie ei snufsande nase og sår hals.

søndag 12. februar 2012

Helga er snart over

Det er søndagskveld og eg nyt dei siste timane av helga. Fredag og laurdag var det fullt hus med alle mine kongelige på besøk. Alle vil ha ein bit av deg og einaste prinsessa fekk seg til og med ei lita stund med mormor på syrommet. Kinasjakk og Monopol vart det også tid til. Kan ein ha det betre.
I dag har eg fått mange gode helsingar frå dei alle.
Dei er så oppfinnsomme. Sjå berre her eit kort med bilde av meg som lita jente i vogna mi
Det var heilt andre vogner den gongen 
Eldste prinsen ønskte seg ny væske til å ha både DS, mobil og lader i når han skal på tur eller på besøk hos kamerater. Stoffet har han valgt ut sjølv. I helga fekk han den og alt var i skjønneste orden.
Har sydd den slik at den kan brukast på begge sider. 
Ynskjer dykk alle ei riktig god veke!


fredag 10. februar 2012

Testen forsetter del II

Her kjem forsettelsen. Har satt sammen blokkene slik eg vil ha dei.
Muligheitene er fleire, det er bare å prøve seg fram.
Når eg legg alle fire rutene sammen blir det slik. 
(Beklager den blasse bildekvaliteten.)
No har eg jo skjønt korleis eg kan forandre uttrykket ved valg av fargar i rutene. Sjølvsagt har eg no lyst å begynne på nye ruter med heilt andre farger. Likevel, det hadde no vore kjekt å bruke denne prøvelappen til noko og sidan det er mykje rosa, har eg no tenkt mitt.
Forsettelsen kjem neste veke.
Denne helga blir det lite sying, tre kongelige prinser og foreldre kjem på helgebesøk. Det blir livat i heimen :) Gleder meg så mykje som berre ei mormor kan gjere.

Ha ei riktig god helg alle sammen!

onsdag 8. februar 2012

Til ting og tang

I går kveld hadde gruppa Sjeive Sting samlingsstund igjen. Praten går lett og det sosiale er i aller høyeste grad viktig likså som sysakene. Vi har ofte eit tema, og ein av oss veileder dei ande. Denne kvelden var det Solveig og takker henne for framifrå gode råd og tips. Desverre er det av og til nokon som ikkje kan delta av ymse grunner, men dei er med oss liksom likevel. Sender gode tanker til dei som ikkje kunne møte denne kvelden.
I går lagde vi mapper til å ha ting og tang i, som f.eks. sysaker eller noko ein vil ha med seg i veska.
Her ser du alle mappene som blei sydd. Riktig ein fargerik samling.
Desse to lagde eg :)
Av og til er lukke større enn forstanden. Tenk eg traff midt i blomsten i dette hjørne. Kullt!
Nå ein åpner dei, står dei stødigt og godt på bordet og det er lett både å finne og holde orden på innholdet.
God og utførlig oppskrift finn du her.

Ha ei fortsatt god veke!

tirsdag 7. februar 2012

Det er vinter....

Ja det er vinter etter kalenderen og det er kaldt. Det kjennes kaldt i alle fall, sjølv om gradestokken viser  3 varmegr. Dei dagane det blåser kuling i tillegg, blir det kaldt nok for meg.
Etter at eg tok vekk julepynten, kunne eg ikkje få meg til å henge opp vårlige bilder.
Valget blei nokre vinterbilder. Vi fekk rikelig med snø her om dagen, så blei den blaut, som vanlig, og i kveld fryser den til. Sjølvsagt skulle eg heve meg rundt å lage snømann i lag med barnebarna...
men då eg kom i barnehagen idag for å hente minsteprinsen, så hadde dei lage både ein
og to snømenn. Herlige barnehagepersonalet. Dei får gjordt det vi andre berre tenkjer

Då kunne vi ta kosestunda heime hos oss, før mor og far kjem frå arbeid, akkurat som vi pleier :)
Vi helsar gjerne på pippen som slett ikkje heiter dompapp. Nei...... den er litt for dryg :)
Testinga mi har måtte ta nokre kviledager, men det kjem meir.
Ha ei forsatt god veke!

søndag 5. februar 2012

Eg testar.....

Inn i mellom helgas huslige sysler, ja for no måtte eg ta meg ei tutle og få unna litt av det også, så har eg sydd lite vetta.  Først leita eg gjennom alle dei Quiltemagasina eg fant, for det har stått nettopp noko om denne teknikken der. Men sjølvsagt fant eg ikkje det. Då fekk det blei etter den private harddisken.
Starta med ei blokk nierruter.
Delte den på midten 
Skal så fortsette med å lage tre like til. For å kunne gå fra og til er eg heilt avhengig av å ha system i det.
Av den lille papirlappen så ser du at planen er å snu på blokkene, før eg skal sy dei sammen igjen.

Fortsettelsen kommer :)

Ha ei riktig god veke!