Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

tirsdag 7. februar 2012

Det er vinter....

Ja det er vinter etter kalenderen og det er kaldt. Det kjennes kaldt i alle fall, sjølv om gradestokken viser  3 varmegr. Dei dagane det blåser kuling i tillegg, blir det kaldt nok for meg.
Etter at eg tok vekk julepynten, kunne eg ikkje få meg til å henge opp vårlige bilder.
Valget blei nokre vinterbilder. Vi fekk rikelig med snø her om dagen, så blei den blaut, som vanlig, og i kveld fryser den til. Sjølvsagt skulle eg heve meg rundt å lage snømann i lag med barnebarna...
men då eg kom i barnehagen idag for å hente minsteprinsen, så hadde dei lage både ein
og to snømenn. Herlige barnehagepersonalet. Dei får gjordt det vi andre berre tenkjer

Då kunne vi ta kosestunda heime hos oss, før mor og far kjem frå arbeid, akkurat som vi pleier :)
Vi helsar gjerne på pippen som slett ikkje heiter dompapp. Nei...... den er litt for dryg :)
Testinga mi har måtte ta nokre kviledager, men det kjem meir.
Ha ei forsatt god veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar