Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 30. desember 2011

Snart 2012

Romjula nærmer seg slutten og eit nytt år ventar på oss. Familieselskapene har vore mange i romjula og det er like kjekt kvar gong. Mykje god mat og hyggeleg sosialt samvær. No er ungane så store at dei er byrja med søskenbarntreff i tillegg. Kjekt at dei vil føre vidare tradisjonane i familien.
Fyst av alt hadde vi jo besøk av Dagmar. Her har det mest gått ut over skogen og spesielt legg vi merke til alt som har ramla ned langs turstiane. Trær på 30-40 meters høgde har ramla som fyrstikker og ligg hulter til bulter over turstiar, som også blir brukt som skuleveg. No har kommunen som mål  å rydde før skulestart. Rotvelter som desse er ikkje å spøke med. Det viktigaste er at det ikkje går menneskeliv.
 I morgon er det nyttårsafta. På menyen står det pinnekjøtt med kålrotstappe, surkål og rødkål. Til dessert blir det panacotta med bærsaus. Så er det alle borna som skal ut å gå nyttårsbukk i nærmiljøet. Etterpå kl. 19.30 er det Barnekippen i byn. Kl. 24.00 er det dei voksen, som skal ut å gå i Kippen. Ein heilt spesiell tradisjon vi har her i byn. Ikkje alle er like begeistra for den. Nyttårsafta kan det lett bli litt for mykje alkohol hos enkelte deltakere. Alle som vil kan kle seg ut, lage doniga eller plakater der ein kan seie i frå om kva ein meiner om mangt og mykje når ein så går i tog gjennom byn. Svært mange møter opp for å sjå på dette opptoget. Mi meining er at tradisjonar skal ein ta vare på, men ein kan jo prøve å påvirke i posetiv retning.
Var ein tur til Nordfjordeid i dag. På fjellet var det nydlig vinterføre.
Helsar alle mine besøkande 
Så snakkast vi på nyåret :)

søndag 25. desember 2011

GOD JUL

GOD JUL til dykk alle!
1.juledag  er ein god dag. Det er den dagen at julefreden virkeleg senker seg over heimen. Startar alltid dagen med ein lang god frukost. Resten av dagen er vi vikelig  sofaslitarar. 
No har vi ete lutefisk med stekte rester av pinnekjøtet frå i går kveld og stormen Dagmar herjer ute for fullt. Lyset blinkar i eit sett. Har tent mange telys, så vi ikkje mørknar heilt om straumen uteblir.  

Ynskjer dykk alle gode juledagar!


søndag 18. desember 2011

Slapp av......

Når vi kjem ut i desember henger eg opp denne på kjøkkenveggen og den er nok meir viktig å ta ein titt på no når det berre er ei veke igjen til jul.
Mønsteret er fra Northern Quilts.
Om det hjelper skal være usagt, men eg prøver no :)
 Inn i mellom er det veldig godt å ha eit lite strikk. Her eit par tova vottar av Finull-rester.
No er det tid for årets skjeltemiddag! Gjestane kjem snart :)
Ha gode førjulsdagar!

fredag 16. desember 2011

Snømenn

No er alle snømannane ferdig pynta. Som tidligare nemnd, har eg vore på kurs med Kari Nyttingnes Grødem med bloggen Lilla dør. Då lagde eg bl.a. nokre snømenn etter hennar mønster, men pyntinga blir til som ein sjølv vil. Inspirasjonen kjem jo sjølvsagt frå hennar modellar.
Her eit lite billedgalleri:
I samla flokk
 Blid og førnøyd
 Ein dompapp har funne plass til reiret sitt  på armen
Og her også, men han blir så varm om hjerte av deg at han held på å smelte.
Der det er husrom, er det hjerterom. 

 Her ser de eit kor med snømenn, som eg sydde for mange år tilbake. Dei er også frå eit kurs med Kari Nyttingnes Grødem.
Ynskjer alle ei god adventshelg

søndag 11. desember 2011

A Kittens Tale Block 5

Endå ei blokk er ferdig. Å komme i gang med dei forskjellige blokkene, er ikkje noko vankelig, men å gjere dei heilt ferdig, er noko heilt anna :) merkelig....
Ha gode dager!
Og ikkje gløym å ta vare på deg sjølv!!

lørdag 10. desember 2011

Finne seg sjølv....

Av og til må ein berre finne seg sjølv igjen.
Kvardagen kan bringe mange utfordringer og være krevande.
Etterpå eller undervegs kan det være behov for ein pust for seg sjølv.
Fredag hadde eg nettopp ein slik dag. Tok ein heil feriedag og hadde den heilt for meg sjølv. Gjorde berre det eg fekk lyst til etter kvart som dagen kom. Først sydde eg ferdig ei toalettveske, som har lagt lenge på vent. Den er sydd sammen av jarkanter av stoffene mine. Idèen har eg fått på nettet.Veldig moro å sy og så slepp eg å kaste avskjæret av jarkanten. Har rikelig med jarkantar å ta av, så det kan bli fleire om eg vil :)))
Framsida
og baksida 
Etter å ha tulla rundet i huset etter som minner i hukommelsen kom for ein dag (fant mykje rart), bakte eg fulgereir. Ingen jul hos oss uten denne sorten :) 
På kvelden var det julebord ilag med gode kollega.
Forrige helg var eg på besøk hos barnebarna på Værlandet og da bakte vi kakemenn. 
Denne prinsen fekk skikkelig dreisen på kjelva. Kan tru mormor var stolt? 
No trur eg at alt skal gå så mykje bedtre.

Ha ei riktig god adventshelg!




fredag 2. desember 2011

Pulsvarmere

Ikkje mykje sying her om dagen, men av og til tar eg fram eit lite strikk.
Har mange små nøster med restegarn. Veldig små av og til.
Av nokre er dette blitt to par pulsvarmere.
Flammegarn kan være ein utfordring når ein ynskjer to like og alltid like spennande om eg har nok. Måtte faktisk "låne" to meter med ei god syvenninne for å få det eine paret ferdig.

No ventar vi berre på neste storm som er annonsert til kvelden. Har no tenkt med på tur og skal ut å reise med båt i kveld:) Går nok bra, men det er ikkje sikkert det blir mykje handarbeid under vegs.

Ha fine førjulsdagar!

torsdag 1. desember 2011

Dørkranser

I kveld har klubbdamene vore samla for årets kranselaging.
Denne kvelden har sitt faste rituale. Den startar med gløgg og småprat.
Så startar arbeidet. 
Hektisk, men du verden så moro.
Alt går så bra i godt selskap.
Eg har laga tre kransar i kveld og her ser de resultatet.
Måtte ha ei nissedame på den som familiens prinsesse skal ha. 
Eg likar godt å bruke naturmaterialer. 
Og her ser de resultatet av alle damenes verk for kvelden. 
Til slutt er det dadelkake m/krem og kaffi og mykje god prat. Gjerne med eit lite handarbeid til kos.

Ha gode førjulsdagar!

P.S. Akkurat no bles og regnar det riktig godt ute, og det er godt å være innomhus :)