Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 16. mai 2014

Dagen før dagen....

Det er dagen før dagen

17.mai
Ein dag eg likar å feire
17.maisløyfene vart ferdige.
Dei har eg vevd med vanlig bandvev og bomullsgarn.
 I hagen blomstrer det og har tatt med nokre av dei.
Det er ein fryd å sjå kor det livnar til kvar år.
 Ikkje alle blomstrar kvart år slik som denne rodedenronen Edeweis, 
men har et vakkert bladverk. På baksiden er de brune nett som ruskinn.


Ønsker alle ein riktig god 17. mai!

onsdag 14. mai 2014

Ein titt i min kvardag

Eg putlar med litt av kvart. 
Koser meg litt her og litt der i mine prosjekter.
Eit teppe skal ha 74 slike jo-jo-er. Kosearbeid,  men heldigvis snart ferdig.
Etterpå er det 6 m med lukkekant.....akkurat det kan eg styre min begreisting for.
 Endelig har tennisalbuen begynt å bli bra 
og det er ein fornøyelse å kunne sy stitchery igjen. 
Som du ser så bruker eg den blå tusjen som ein berre vasker vekk etter sying.
Nålebrev på gang.
 Det nærmer seg 17.mai og fleire pyntesløyfer er under arbeid.
Å sitte på altanen i sol og varme og veve....lykkestund!!!
I morgon skal eg ta fram bunandskjotene for oppskylling og stryking. 
Kanskje er burde sjå over bunadssølvet også. Min mann har 36 knapper som bør pussast.
Det må jo heldst skinne på den store dagen!

Helsing ei som likar å feire 17.mai