Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 28. august 2013

Toalettveske og sminkepung

Det er framleis lite tid eg bruker på syrommet, men litt blir det innimellom alt anna.
Denne gongen ville eg gjerne bruke nokre av stoffa eg kjøpte før sommaren
og det blei ei toalettveske.
Som de ser, så blir det ofte det med meg når eg berre skal ha drop-in på syrommet.
To innerlommer synes eg det bør være og ikkje for store.
Tittekant er ikkje ofte eg syr. Her fann eg ut at det paste bra.
Baksida med litt striper.
På haustens første quiltemøte fekk vi alle utlevert kvar sin materialpakke for å sy ein sminkepung.
Ingen fekk lov til å velge. Bruke det ein fekk. Veldig enkelt. 
Vi har eit fabelaktig styre med kjekke og dyktige damer.
Slik blei min smikepung.
Det er siste veka i august og føler det litt vemodig.
Veit ikkje om eg er heilt klar for haust endå.
Det er så mykje eg skulle ha gjordt før vinteren kjem og då blir alltid hausten like travel.
Same leksa kvart år.
Fjellet lokkar og bærmarka bugner. I helga som var, fekk eg med meg litt av kvart og godt var det.
Berre å nyte det så godt ein kan.

Gjer dagen din god!

torsdag 15. august 2013

Sommerløper med Dresdsen Plate

Årets sommerløper er ferdig og tatt i bruk.
Det er ikkje mange dagane eg har kunne bruke den utendørs.
 Likevel den passer perfekt til hagebordet uten at det var planlagt.
Av og til har man heldigvis litt flaks.

  Vi har hatt ein nydelig dag i dag med god temperatur og sol det meste av dagen .
Det var ein nytelse og komme heim frå jobb. Slenge av seg skoene og kjenne på den gode varmen.
Men akkurat no pøser regnet ned og det skal det vist gjøre i helga og. Det skifter fort. 
Då er det godt å sitte igjen med følelsen av å ha brukt dagen på ein god måte

 Plommetrærene våre bugner av frukt. Vi tynner og tynner.
Både for kvaliteten sin del og så er det grenser for kor mykje greinene kan bære før dei knekker.
 Roser er bare skjønne.
Siden vi har så mykje besøk av hjort i hagen,
har vi valgt å plante dei i krukker på altanen.
Takker for alle helsingar her på bloggen min. Det er alltid kjekt å få tilbakemeldinger.
Ønsker alle ei riktig god helg!

tirsdag 13. august 2013

Pynt i heimen og i naturen

Alltid kjekt med noko nytt.
Har ein stor vegg som ikkje er ferdig pynta på altanen
Fant denne hos Primula Design på Nordfjordeid inkl. saksen.
Ein butikk med utruleg mykje fint både innen lappeteknikk og interiør. 
Engelen har kjøpt av Marit Andersen og er laget av gummislanger.

Så må eg bare vise dokke bildene eg tok av Bergfruer i juli.
Naturen pyntar dei brattaste fjellskrenter og eg måtte berre stoppe og nyte og forevige.


Ha ein riktig god dag!

torsdag 8. august 2013

Så var ferien over...

Deilige feriedager er over.
For å sikre oss sommarvarme, hadde vi bestillt oss tur til Skiatos i Hellas.
Ein herlig plass med deilige strender og passelig stort sentrum.
Alt gjekk som forventa. Ein sann nytelse.

 Hellas er ein av favotittane våre. Her trives vi veldig godt og nyter feriedager så godt vi kan. Mykje sol og bading og sjølvsagt god mat og drikke. Turar og opplevingar. 
Vi tilbrakte også ein langweekend ilag med ein gresk familie vi har kontakt med.
Gjestfriheten var overveldande. Vi sat berre til stas. 
Det var informativt å få høyre om kvardagen slik den greske befolkningen erfarer det i desse dagar. Kva dei tenkte om framtida osv. Tøffe tider må ein berre sei.
Sommeren har vore av det våte slaget. Våtaste sommaren på 40 år seiast det. Ikkje enkelt å male utendørs då. Min kjære lagde eit malingsverksted til meg under altanen. Lyst og luftig og ingen nedbør.

 Har nokre gamle brune pinnestoler som skal bli kvite. Har brukt maling på sprayboks.
Resultat blei ikkje så verst.

Heldigvis skin sola idag og det skal nytast med sying av lukkekanter på altanen.
Ha ein god dag!