Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

fredag 29. november 2013

Adventskalender

Advent nærmer seg og eg har sydd adventskalender til minste barnebarnet

 Mønsteret er fra Tilda, men eg har no flytta litt på figurane slik at den er blitt litt personlig








Ønsker dere alle ei riktig god adventtid!

onsdag 20. november 2013

Forkle.....klar for baking, trudde eg

Var ein tur til Stockholm i høst. Heilt tilfeldig kom eg over dette stoffet 
og planen var at eg skulle sy vesker av det,
men så kom det ein bestilling på eit forkle.
Både mottakaren og eg var enige om at dette stoffet paste heilt perfekt.

Motivene er fra kjende bygningar i Stockholm.



Vel ferdig sende eg det i posten,
men det kom aldri fram.
Eg har mange ganger sendt ting som brev, det skulle eg tydeligvis ikkje har gjordt denne gongen.
Har fått beskjed frå posten at dei kan ikkje spore det så lenge det er sendt som brev.
Forkle er å anse som tapt, men har no bilder å minnast det med.

Eg skal ikkje furte, men er no litt lei meg likevel.

Gjer dagen din god uansett kva som skjer!
 

mandag 4. november 2013

Dykk i restekassa

På siste quiltemøte var tema dykk i restekassa.
Eg lagde meg ei stor handarbeidsveske.
Kva som er framside og bakside kan eg no velge alt etter humør :)
Ei side med roser
Lapper i forskjellige størrelser
Ei side med hjerter og
litt blonderester
Litt på kryss og tvers
Ei hempe så eg kan henge den opp etter
  og litt meir blonder på skrå
Godt å kunne nytte rester til noko så praktisk som ei handarbeidsveske!
Kva bruker du rester til?

Takk for besøket!

Gjer dagen din god!

lørdag 2. november 2013

Stemorsblomster i november

Det blomstrer framleis i pottene mine ved inngangsdøra
endå vi er komen til
 november

Stemorblomstrene kjøpte eg i mars, så ein godt sei dei har gjordt kvardagen min god.

God helg!