Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 30. september 2013

Soloppgang

Det er mange fine bilder å sjå frå solnedganger. 
Men soloppganger er også fine om man bare er tidlig oppe.
Dette bilde er tatt 10.09.2013 kl. 06.35.

fredag 27. september 2013

Kursprodukter

Dagane fyk av garde, som det alltid gjer på hausten. Mykje ein vil ha gjordt før vinteren set inn.
Blogging blir det lite tid til, eg berre måtte ha ei lita pause og syrommet har vore ute av drift lenge.
For to veker sida var eg på kurs med Anne Beier Finnestad og for ei helg. 
Ei dame som kan det å inspirere. Ho gjev så mykje av seg sjølv at det er ei fryd å være med.

Tema var sirkler og rundinger med stoppefoten.
 Her begynnelsen av en løper med rundinger.
Å leike seg med stoppefoten er moro, men også krevande, 
for ein har jo forventningar om at det skal gå bra. 
Kursprodukter er jo prøvekluter der ein skal lære, så det får gå sin gang. 
Begynnelsen på ein løper med sirkler
 
 og her litt av begynnelsen på puter, der vi fikk lære å bruke sjablonger,
 og det skal komme mykje sying med stoppefoten og kanskje litt meir før dei er ferdige.

Og som de ser så har eg mykje kosarbeid føre meg, men først må eg få syrommet opp å gå igjen. Mykje som skal på plass før eg finn roen til å forsette med desse prosjekta.
Sender ein stor takk til damene i Quiltegruppa som tilrettelegg for desse fantastiske kurshelgane.
Takk for at du såg innom.

Ønsker alle gode haustdager!



lørdag 7. september 2013

Uten handarbeid duger det ikkje....

Har lyst å fortelle de ei lita historie frå kvardagen. 
To handarbeidsglade damer hadde allereie på vårparten planlagt ein tur i fjellet med overnatte i ei av Turistforenings hytter.. På seinsommeren rann dagen då turen skulle gjennomførast. Sekker blei pakka og dei fyste milene vart tilbakelagt i bil. Då var det berre å ta sekken på ryggen og legge i vei. Det var ein utfordrande tur, og den eine hadde gått same turen med turlaget ein gong før. Då brukte dei 6 timar inkl.litt plunder med elver og slikt. Desse damene hadde no tenkt å ta det veldig med ro, så dei tenkte, då brukar vi sikkert like lang tid.
Slik gjekk det ikkje. Dei brukte berre litt over 3 timar.
Det var godt å komme fram. Damene var godt sletne etter den bratte oppstigningen. Men kva skulle dei finne på no. Ute var det berre 9 grader og ikkje nokon god solvegg å kose seg i. Og verst av alt, dei hadde ikkje pakka handarbeid. Nei og nei.....sitte i hytta og berre glo opp etter veggane.....dette var ikkje til å holde ut. Dei slende sekkane på ryggen igjen og la til palings heim igjen, der handarbeidet låg og venta på flittige hender.
Turen skal gjennomførast neste år og då med HANDAREID i sekken.  

Dei seir det er lov å le av dei..... men det er heilt sant.... slik var det berre.

Det er lørdagskveld og eg har landa i sofaen.
Eg er på kurs med Anne Beier Finnestad denne helga, men no skal eg ta fram strikketøyet mitt.
Alltid handarbeid lett tilgjengelig :)

 Vi skriver september og det er høst. 
Liker å plante lyng i krukkene på denne tida.
Ønsker alle ei riktig god helg!