Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 30. januar 2013

Etui til kamera

Hadde lyst å eit etui til kamera,
Fant ein rest av eit stykke vove og tova ull
 Dette var siste resten av dette arbeidet og gjett om eg er fornøgd, 
for rester er noko herk. Har meir enn nok av det og kaste kan ein jo ikkje.
Eg har lage Ipad-etui, MP3 etuie og no karema-etui av dette veve og tova stykke.
Garnet som blei brukt var Ullteppegarn. Egnet seg godt  til toving.
Kan no hende eg skal pynte den litt meir, men det kan eg no ha tilgode :))

Klem:))

søndag 27. januar 2013

Pulsvarmere for kalde dager

Det er framleis kaldt ute, sjølv om det ikkje er dei kuldegradene som her tidligare. No er det vinden som gjer det kaldt. Kuling og regn, hutte meg tu. Bare så glad vi ser i februar.
Etter  å ha strikka med pinna nr. 2,5 ei stund, bestemte eg meg for å prøve nokre nummer tjukkare.
Falt pladask for garnet Kashmir Alpakka frå Sandnes og har brukt pinnar nr. 5,5.
Mønsteret stod i eit julehefte frå Familien før jul.
 Det bli lett fargeforskjeller på innebilder og utebilder. Her blei det veldig påfallande.
 Innebildene likner meir på den rette fargen.
Då eg kom heim med garnet, fann eg ikkje mønsteret, men hadde no lest gjennom det og så var det berre å prøve. Då første paret var ferdig, fann eg det og måtte strikke eit par etter oppskrifte. Forskjellen er at flettene i mønsteret går over 3x4 masker, mens eg hadde 3x3 på første paret. Veit ikkje om det utgjer så store forskjellen.
Før mildværet kom var eg ute i hagen ein dag og tok nokre bilder. Kulda pyntar naturen på ein mesterleg måte.
Takløken hadde nok satt pris på et lite lokk med snø mot kulda.
Blir spennande å sjå kor dette går. 

Men idag har det vore ein ruskete dag.Slik såg det ut ned på fjorden.

Klem frå ei som ser fram til lysare og varmare dager!

fredag 25. januar 2013

Klemmepung og votter

Sjeive Sting har hatt samlingstund og tema var klemmepunger.
Uansett kor travelt eg har det, desse kveldane må eg berre ta meg tid til.
Dei er den riktig vitaminen eg treng.
Tonen er lett og smittande posetiv. Kreativiteten blomstrer.
Her kan du få gode råd eller hjelp om du treng det. Takhøgda er stor for det meste.
Eg gle meg til ny mnd og ny samlingstund.
Endå eit par votter er ferdige.
No har eg ikkje tråd til heile møsterrapporter lenger, men dei er i allefall heilt like.

Ein forandring har eg gjordt.
Synes tommlane på mønsteret er litt i minste laget. Eg har dikta nokre omganger i tillegg. 
Takker for alle hyggelige kommentarer.
Set pris på kvar einaste ein. Alle havner i mailboksen min og følger det med returadresse,
prøver eg å svare alle.
Ser at mange som har hatt problem med Explorer i det siste ved blogging. Det har eg og, og då har eg brukt Mozilla Firefox uten problemer.
I kveld har eg brukt Expolerer igjen uten problem. Det meste ordner seg:)

Ha ei god helg.


tirsdag 22. januar 2013

Amerikansk handsaum

Det blei ei pause i innleggene mine. Januar er den mest arbeidskrevende måneden, men no trur er det snart skal roe seg.
Når det er lange dager på jobb, blir det mest strikking i sofakroken på kvelden. Symaskina har fått kvile.
I kveld har eg vore på møte med quiltegruppa,og tema var amerikansk handsaum.
Det vart til at eg begynte slik, så får vi sjå kva det blir til.
I helga var eg ein tur til Bergen og i stedenfor shopping, tok vi ein tur i byfjellene. For dei lokal kjende: vi starta i Ytre Sandviken, opp til Munkebotn og Storevannet. Videre til Fløyen og ned til sentrum.
 Det var ein strålande dag.
 Akkurat passe med snø.
Fekk til og med litt sol i kjakane. Det er ikkje verst når ein kun har sett sola frå innsida av kontoret siste måneden.

Livet går vidare
for kvar dag blir det litt lysare
vi nærmar oss våren.
ei årstid eg set stor pris på
kvart eit lite liv som spirer er som eit under
kvart år.

Foreløpig har vi fine kalde vinterdager. Denne vinteren er nok ein av dei beste vi har hatt på lenge. Veit ikkje om eg har måke snø endå, men til helga skal vi visst ikkje være trygg. Vi tar det som det kjem :))
Ha gode dager!