Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

torsdag 24. mai 2012

Sommaravslutning

Sist mandag var Quiltelaget her på besøk hos Førde Quiltelag og vi hadde felles sommaravslutning.
Vi fekk alle ein materialpakke til nålepute ala cupcakes.
Og slik vart mi
Har bare lagt den løs opp i sandkakeforma, slik at de fekk sjå.  
Her er nokre av modellane som var laga for kvelden. Alltid kjekt å ha noko å ta utgangspunkt i.
Her eit lite bilde fra det lekre koldbordet dei hadde laga. 
Vi har hatt nokre fantastiske dagar og måtte det berre vare.
Her eit lite glimt ned i ei av korgene mine på altanen. Ein skjønning i orange har dukka opp.
Takker for besøket og legg du igjen ein kommentar, blir eg veldig glad.
Ynskjer alle ei rikitg god pinsehelg!

tirsdag 22. mai 2012

Å starte på nytt

Sola skin og skin hos oss om dagen og det er ein nytelse.
Klart ein må nyte dagane på altanen med handarbeid og så må ein kose seg litt ute i beddene.
Dei to siste sommarane har eg ikkje kunne gjordt så mykje i hagen, men i år er det på an igjen. Eg grev og rotar det eg kan. Mykje er så gjengrodd at det er berre å stare på nytt. Som eg har gjordt her.
Den øverste delen skal ligge brakk denne sommeren for å få has på evt. rester av ugras. Seinare er planen å beplante det med rhodedendron. Kva som skal være på den nedeste delen, er usikkert.
Har foreløpig berre planta nokre små vanlige steinbeddplanter,
takløk og litt smårestar frå det som stod der før.  

Takk for besøket!
Vil også takke for alle hyggelige kommentarer, det gjer alltid godt.

Karilklem:)




søndag 20. mai 2012

Tid for ettertanke....

Slik som ein set pris på alt som spirer og gror
og når det kjem fram med all si blomsterprakt,
ja då må ein stoppe opp og berre nyte det. 
Å motta dødsbudskap er ikkje lett. Nokren gonger kjem det som venta, gjerne etter lang tids sykeleie, men aldri nokon god melding. Andre gonger som lyn frå klar himmel. Nokre gonger allfor tett.
Ein skal takle alt, men av og til treng ein litt tid for seg sjølv 
då er det veldig godt å ta ein tur i hagen og sjå på alt liv som kjem fram om våren
og ta seg ei tid til ettertanke

kanskje det alle viktigaste av og til.

No gle vi oss til lova sommarvarme.

lørdag 19. mai 2012

Ei mappe til

Mapper er kjekt å sy.
Når ein har svinge seg litt her og litt der i løpet av ein dag, er det kjekt å sette seg ned til symaskina og avslutte dagen med å sy ei mappe.
Romantikk treng alle.
Ynskjer dykk alle ei riktig god helg!

onsdag 16. mai 2012

Eg er klar til feiring

Ønsker alle mine besøkende en riktig god 17. mai dag

Bunadsskjortene er strøkne og bunad med alt tilbehør heng klart til morgendagen.

Bunadslommen til prinsessa blei ferdig i god tid.
Ho vil egentlig bruke ei rosa veske vi har sydd ilag, men mor vil at det skulle være ein bunadslomme.
Sydde den heilt enkel. Den blir festa litt over liningen med knapper. Då kan ho velge om han skal henge over eller under forkle. Den røde tråden er sydd slik som det er gjordt på hettecapen til Sunnfjordbunaden.

Borrelås for at innholdet skal holde seg på plass. 
Og med namn på baksida dersom den skulle komme på avveier.

No er det berre å få seg ei god natt søvn så ein er klar for Morgenprossesjonen kl. 07.00.

Ønsker alle ein strålande dag i morgon!


onsdag 9. mai 2012

Mapper og førebuingar

Sjeive Sting har vore samla igjen. Sist vi var samla, gav eg dei ei utfordring. Alle fekk kvar si fjonge dame, som dei kan bruke til det det måtte ynskje. Ingen tidsfrist. Ein må ha rom for alle.
Solveig hadde lage seg ei flott mappe til å henge på veggen.

Eli (utan blogg) hadde laga seg eit nydelig og innhaldsrikt etui for handarbeidsutstyr.
Rikt utforma på innsida. Her kan ho holde orden i sysakene.
Eg har laga meg ei ny mappe til eit hekleprosjekt eg held på med.
Inn i mellom tar eg fram A Kittens Tale prosjektet mitt for å sjå og planlegge litt.
I vinduskarmen står plastbeger, der eg endeleg har fått sådd nokre frø. Kanksje litt seint, men som det ser så ligg det snø på plena ut forbi, så trur ikkje det haster så veldig. Det spirer godt i alle fall.
Bunaden min fekk for mykje vatn i foldane i fjor og må taes igjen.
No er den tråkla og lagt i press på spisebordet.
Ellers så har eg pussa 36 sølvknappar på bunaden til min mann. Til helga skal eg sy ein bunadslomme til pikedrakta til prinsessa mi. Trur eg er i rute til 17.mai.
Ønsker alle gode dagar med sine førebuingar til 17.mai og varme sommardager!
P.S. Snøen på plena er smelta no, men nokon temperatur å skryte av, manglar vi.D.S.

lørdag 5. mai 2012

Magerittløper

Endå ein UFO er ferdig. Herlig.
Løper etter mønsteret "Margeritter" av AnnAK.

Kjekt å ta fram arbeid som minner om vår 
med farger som gjev meg energi 
og arbeidsglede
og kjekt å ta i bruk akkurat no, 
for ute i hagen såg det slik ut i dag føremiddag. 
 Snøbygene har kome og gått heile dagen om ein annan med glimt av sol inni mellom.
Det kjem seg nok snart :) Eg er heilt klar for varme og gode dager.

Ha ei riktig god helg!