Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 29. juni 2009

Vognteppe



I dag har det vore varmt og klamt, heilt vindstille, og det berre måtte komme torevær med regn. Det er svært tørt ute så desse regndråpene trengte vi. Sidan det ikkje var utevær, tok eg å gjorde ferdig vognteppe som eg byrja på for noko sida. Det gjensto berre litt lukkekant pluss quilting inne i rutene. No står berre overrekkelsen igjen. Det er alltid spennande å overlevere slike gåver. Det er fyste gongen eg gjev denne tidligare kollegaen ei slik gåve, men så er det noko spesielt når ein får sin fystefødde når ein har passert 40. Eg gled meg slik på deira vegne at dei fortener eit vognteppe. Det er kanskje litt sprekt å lage det i sjokkrosa, men dei som har sett bilete frå siste tida, seier det går i rosa på alle bilder, og då det er berre å krysse fingrane.





søndag 28. juni 2009

Inspirasjonsdag

Denne dagen har eg fått maksimalt ut av. Sove lenge og godt. Deilig frukost på altanen i skyggen. Avslutta med å lese gjennom resten av avisene frå laurdagen. Perfekt start på dagen. Så vart det avlagt eit besøk hos ei god syvenninne. Ho gav meg all den inspirasjon ein kan ta imot for dagen og dagane framover. Ho og ei anna god syvenninne har vore på kurs medan eg var i syden. No berre klør eg i fingrane, men kva med alt eg held på med? Skal dei prosjekta ende opp som ufoer dei og. Nei nokre må avsluttas. Likevel, eg har i allefall materialene klar for nye prosjekt på lager. Lin, japankse stoffer, blonder og pynteband. I ettermiddag var vi i bursdagsselskap til ei niese av oss. Ho fekk seg ein løpar med stjerner. Snart har to andre bursdag og noko må takast frå lageret med ferdig prosjekt. Det er alltid godt å etterfylle. Her er det nokre av desse nye prosjekta kjem inn. Med det skal ikkje bli noko problem når ein berre kan besøkje ei venninne og motta inspirasjon. I kveld har eg sete i solnedgangen til kl. 22.30 og sydd lukkekant. Det er det tidligere nevnte vognteppe som er i sluttfasen. Det er framleis lyst ute og eg trur eg tar med ein tur ut på altanen igjen.

onsdag 24. juni 2009

Jonsokafta



Jonsokafta blei feira i går med grilling og båttur. Det var eit yrande liv på sjøen slik det alltid er i Florø. Bålet blir brent på Rota. Før i tida hadde vi to bål. Eit på Klubben for utibynarane og eit på Rota for innibynarane. Det var om å gjere kva for eit som brant lengst. I tillegg var det, og er fortsatt, mindre bål fleire plassar rundt omkring i byn. Hadde planar om å sjå bålet på den nye badeplassen vår på Sørstrand. Her er det nokre ildsjeler som har satt igang eit kjempefint prosjekt som skaffar byen ny badeplass med sandstrand. Det var ein fantastisk kveld og det så ut til at alle koste seg.

Det var både store og små båtar på hamna denne kvelden. BN 152 frå STX Norway Florø AS hadde lagt til kai i hamnebasenget. Dei gjekk vidare på prøvetur kl. 23.45.

søndag 21. juni 2009

Slik var det i hagen når vi kom heim



Her er bilder frå hagen idag. Det var ikkje berre blomebeda som blømder. Plena var også eit syn. No er jo tusenfryd i plena eit ugras for å rekne, men eg tykjer no dei gjer seg,











Det blømer utover steinrøysa som eit slør.














Er svært spent på korleis denne takløken blir når den står i full bløming.


















Dette er ein av dei siste planten eg har igjen av akleiefrø som eg kjøpte i England for nokre år sida.












































Akeleier har eg i mange varianter og dei blømer til svært ulike tider.







Heime igjen



Då er vi heime igjen og varme gode klede er funne fram. Likevel har eg gode solplassar i hagen, så litt tid i sola med stitchery har det blitt idag også. Litt ugras fekk eg og renska. Det var godt å få bruke hendene i molda igjen. Utpakking av den kuferten som klarte å komme med det flyet vi kom med. Den andre for til Arlanda og kjem nok ein dag.


Vi har hatt svært gode dagar på Kreta, Agia Marina. Temp. 30-37 gr. sol og deilig mat.





Vi var også å gjekk Samaria kløfta. Den er 1,8 mil lang. Fyst tok vi buss opp til eit platå som ligg på ca 1200 m. o.h. og så gjekk vi undabakke heile vegen ned til havet. Det var mykje folk som gjekk her og sko/sandaler var av ymse kvalitet. Ikkje alle var godt nok forberett på kva dei hadde gitt seg ut på. Vi hadde gode joggesko og god niste. Vurderte om vi skulle ta med fjellsko, men har snakka med andre som har gått denne turen før, og kom til at gode joggesko skulle holde. Det stemte. Vi gjorde turen unna på knappe 4 timer inkl. pauser. Når vi kom ned til havet hadde vi god tid til å bade, drikke kaldt godt øl og litt god mat. Her ser vi eit bilde frå der kløfta er på det smalaste. 3,5 meter. Ellers så var det som eit stort dalføre å gå med mykje stein, men god sti.

Fin i Formen: Feiring av 10.000 besøkene med giveaway

Fin i Formen: Feiring av 10.000 besøkene med giveaway

torsdag 11. juni 2009

Førebuingar


Etter dagens gjeremål var det tid for å tenkje på at vi skal ta ein tur til Middelhavet, nærmare bestemt Kreta. Det er kun mor og far i huset som skal reise. Fant fram nokre klede og utstyr. Så det som er like viktig, næmlig handarbeidet. Har sydd 6 telerkendempare til vår datter, det er bare den dere lukkekanten som står igjen. Tar med nokre av dei.







Så er eg jo svært glad i stitchery. Driver å lager diverse små bilder som skal settes sammen til tepper til to av barnebarna. Dei liker at alt er likt så eg skal brodere nokre bilder like. Å brodere noko som ein alt har satt sammen fargane på, må då være feriearbeid.
Her bilde av dei som er ferdige.

tirsdag 9. juni 2009

Sommaren er komen

Når ein tar ein tur i hagen føler ein at sommeren er komen. Det blømer i kvar ein krok. Temparaturen er fin nokre dagar, for så å få oss riktig ned på jorda igjen. I dag var det berre 9 grader når vi vakna. I går var det litt kald trekk men i solveggen var det berre skjønt. Eg og dotra mi koste oss, grilla og haddde eit godt måltid. Far i huset jobba overtid. Værmeldingane var gode for dagen idag, så da eg vart spurd om å stille på dugnad, var det ikkje noko vanskeleg val, plenen som eg skulle slå kunne jo vente. Det fikk eg angre på då vi vakna til regn idag. Men det har letta utover dagen og plenen er heldigvis slått. På vestlandet kan du ikkje velge kva for ein dag du ynskjer å slå. Det er det værgudane som bestemmer. Derfor er plen en klamp om foten, medan blomebed kan stellast med når ein ynskjer.










Vi har flat tomt med ein liten aning til forhøyning bakerst i hagen. To plasser kan ein få fraem litt berg. Eg har no gravd vekk blomar og mold som dekte denne små knausen og planta takløk o.l. plantar der. Skulle gjerne hatt meir bergknausar til å plante i, men det er jo slik at ein ynskjer seg gjerne det ein ikkje har, istadenfor å vere fornøgd og gjere det beste ut av det. Det er så kjekt med desse lave steinbedplantane som nesten steller seg sjølv og som ikkje blir blesen ned av vinden. Berre å renske ugraset, men det er jo berre kjekt det. Dei svikar deg aldri. Kjem alltid attende.






Her samme knausen frå litt annan vinkel. Tok fram noko av knausen ifjor og den takløken eg planta då har allereie byrja å legge sine armar utover steinane.












Veronika














Forglemmegei











Blømande jordbærplante. Det blir små raude jordbær på dei av og til.

















Gudeblom









Pion








tirsdag 2. juni 2009

Bilde frå fjellturane i pinsferien 2009

Her kjem nokre bilete frå fjellturane i pinsa. Vi var svært heldige med været, som de kan sjå. Selvfølgeleg gjekk eg tom for batteri på fotoapparatet.



Utsikt nordover med Kvalheim til venstre og Nord-Oppedal med Kannesteinen til høgre.
Nobba utanfor Kvalheim med Einevarden nedanfor.






Ulkupa med Breimyra bakanfor. Går du lenge nok kjem ein til Raudeberg.
Elvedelta nedanfor Ulkupa. Kvalheim i det fjerne. Her fann vi ikkje nokon sti så sætrefjøsen opp til høgre gav von om ny sti. Det stemde. Vi fann vegen til Nord-Oppedalen.




Kannesteinen der vi tok siste nista før vi tok beina fatt på asfalten mot Torsangerpollen. Då var klokka brått blitt so mykje at vi måtte be om transport.











Vegen ut til Færestranda og Kvalheim i det fjerne
Torskangerpollen næraste.













Vågsvåg med Husevågøy nærast og Bremangerlandet bakanfor.











Vi gjekk opp frå Holvik og opp til Bergevatnet.


















Vågsvåg med Klovningen ut i havet, Til venstre Vombaneset der turen for dag 2 starta.