Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!

Ønsker alle besøkende
et riktig godt nytt år! 


KariLklem:)

onsdag 26. desember 2012

Spisebrikker med julemotiv

Spisebrikkene blei ferdig til jul i år


Motivene blei allereie påbegynt rundt juletider i fjor 


og denne jula vart dei ferdige 


alle er ulike


men trur denne blide jenta er den som sjarmerer meg mest


Ha ei fortsatt god romjul!

tirsdag 25. desember 2012

God Jul

Ønsker alle ei riktig
GOD JUL

onsdag 19. desember 2012

Førjulstid

Julehøgtida nærmer seg, kanskje litt for fort. Førjulstida vart ikkje heilt slik eg hadde planlagt,
men blir den det nokon gong?
I kveld har eg i allefall fått skreve ferdig julekortene.
Kjekt å kunne sette seg ned i ro og fred og skrive nokre ord til gode vener og slekt. 
Om dei kjem framt til jul veit eg ikkje, men kanskje det er kjekt å få julekort i romjula også.
Julebaksten er i boks og vi forsyner oss når det måtte passe.
Når jula kjem, blir den fort liggande i boksane sine for då er det så mykje anna godt.
Dei smaker alle best før jul. 
Av helsemessige grunner, må det søvsugast litt meir her hos oss, så i kveld har eg starta på støvsuging av all julepynt. Det er utruleg så godt julekulene passar inn i støvbørsten på støvsugaren. Plopp så set dei der eller er det konsentrasjonen min :)  Håper dette skal hjelpe så eg slepp så mykje medisiner i jula.
Håper å bli ferdig i morrakveld og at eg kan begynne å pynte ned advent og opp med jula.
Ser fram til å berre setje seg ned med handarbeid og berre nyte tida vi er i. Desember, som er så mørk, har så mykje glede og forventning med seg.
Ja det er ei reine lyst:)

Helsing ei som prøver å stresse ned.



tirsdag 11. desember 2012

Votter er godt å ha

Inn i mellom alt eg syslar med for tida
likar eg å kose meg med eit strikk.
Har delt opp fleire restar av ullgarnet eg farga på kurs
for å være sikker på at eg har nok og likt på kvar vott.
Det ubleika garnet er Rauma 2tr Gammelserie strikkegarn.
Pinner nr.2.5
Et par med grått og ubleika er ferdig og allereie komen i gode hender.
Og for å holde orden på nøstene til dei fargerike vottane og ikkje minst rekkefølgen,
har eg trædd dei inn på eit band. Då går det som ein leik.
No kan eg mønsteret utenat,
men trur du ikkje eg klarer å strikke feil likevel.
Det er bare å rekke opp igjen og stille med nytt mot:)

Ha gode dager!

P.S. Vi har fått snø, og eg veit no ikkje om eg er så begreistra.
Får sjå det positive, det er blitt veldig lyst ute og det hjelper på energien.D.S.


lørdag 8. desember 2012

Juleforberedelser

Vi er i full gang med juleforberedelene.
Her i huset deler vi på oppgavene. Min gode mann liker å lage pålegg som her:
To former med sylte eller sylteflesk som vi kaller det.

Det har faktisk blitt heile 4 former med leverpostei. Skal ikkje lide av jernmangel her i huset skulle ein tru:)

Julepølsene lager eg jo med klubben. Allereie komne i frysen.
Desse pølsene har vi lage heime og skal bli til morr. Faktisk så prøvde vi ei til middag i går, og må få lov til å fortelle at den var heilt perfekt. Det blir kanskje fleire varianter av julepølse her i huset i år.
Her heng dei godt til tørk i vedahuset 
Så måtte han prøve noke nytt i år også.
Fikenmarmelade med stjerneanis

I kjøkkenglaset  set nissegutt på plass og følger med på at alt går rett føre seg.
Julebaksten er mine sysler og snart skal eg begynne på den også.


Ønsker alle ein god 2.søndag i advent!

onsdag 5. desember 2012

Kransen til dørpynt m.m.

Kvart år samlast damene i klubben til laging av dørkranser.
Vi er opptatt av tradisjoner.
Før jul lager vi julepølser, baker flatbrød og kransemaking. Flatbrødbaking for 9 personer er i meste laget på eit privat kjøkken, så då leiger vi eit skulekjøkken.
Hekling av lykter er passe kosearbeid både heime og på reise.
Nokre legg eg igjen der eg er på visitt, andre blir med heim.
Englepynt må eg jo berre ha på.
I helga var eg på førjulsmessa Valkyrien på Nordfjordeid.
Her var det håndverkere som har gjordt hobbyen sin til yrke som var inviterte.
Smykker er eg svak for.
Løperen som dei ligg på blei innkjøpt på messa på Værlandet.

Falt også pladask for denne kjolen.
Måtte berre ha den. 
Hjertegod i ullfilt. 
Vi har fine kalde vinterdager med sol og heldigvis heilt snøfritt, men kaldt er det. Godt å ha gode ullklær.

Ønsker dere gode desemberdager!



søndag 2. desember 2012

Engler og advent

1.søndag i advent.
Ein dag då adventspynten kan takast fram.
Det er vel ei gleden stund
Det å finne fram noko som er godt å sjå på enten det glitrar eller har skjel.
Engler er bare skjønne.Eg har virkeleg sansen for englar. Ikkje berre i jula, men heile året
og då må det jo bli i adventstida også.
Både små
og store 
Denne gruppa er ny av året og skal glede oss i adventtida.
Og vil vi ha dei med i jula, så har eg kjøpt inn litt rødt til dei også.

Sjølv om dagane er hektiske, har eg kosa meg med litt julepynt.
Englar denne gongen også og to julesokker. 

Ønsker alle ei god veke!

fredag 30. november 2012

I denne søte førjulstida

Det er no kjekt å kjøpe noko til seg sjølv òg no i førjulstida.
Har leita lenge etter dette settet og no har butikken Lille Marked i Florø tatt inn varer fra denne leverandøren.
Settet heiter Fiducia og er fra Kähler.
Forrige helg var eg på Værlandet og her var det julemesse.
Det var eit variert utvalg av handlaga produkter.
Eg kom ikkje tomhent derifrå.
Desse englane frista meg veldig, men det vart ein vevd løpar, økoligsik krydder og litt anna.
Julemessa blir arrangert i ein gamal byggning som dei kallar Floren. Trur det har vore ein fjøs, der det opprinnelege reisverket er tatt godt vare på.
 Det var så kjekt og stemingsfult heile huset og dei hadde pynta så ein fekk rette julestemninga.
Garderoben også:)
Skal tru om ikkje det blir ei messe å besøke denne helga også.
I morgon skriv vi 01. desember og då skal eg ta fram julegardiner og adventspynten.
Gle med som ein unge:)
Ønsker alle ei god adventshelg!


onsdag 28. november 2012

Haustdronningas storhetstid er over

Hausten er definitivt over.
Kulda er merkbar, men heldigvis er ikkje snøen komen.
Tida for haustdronninga mi er over for denne gongen.
Eg gjekk på kurs med Kari med bloggen Lilla Dør då eg lage henne.

Her er det detaljer både her og der.



Ellers er det lite som skjer på handarbeidsfronten.
Har pakka kofferten både ned og opp fleire gonger idet siste og då rekk ein ikkje så mykje meir.
Eg likar å reise.

Barcelona i november var heit topp.
Basilikaen Sagrada  Familia måtte besøkast og er et underverk.
Taket var heilt nydelig
Majestetisk

I den store mathallen var vi flittige gjester. 
Utvalget var utrulig både på kjøtt og fisk, og ikkje minst skalldyr. 
No nærmer vi oss adventtida og eg er heilt klar for ta fram pynten.
Elles så er førebuingane til jul begnt å ta til.
Pølsefarsen står klar til modning og grisehauene ligg til tining.

Ha  riktig gode dagar!


fredag 16. november 2012

Smykkepunger

Det heile begynte rolig med ein liten smykkepung.
Så tok det av.
Fekk lyst til å ta fram gamle fargerike stoff.
Boltre seg i fargar er berre lekkert.

Ideen kjem frå bloggen Vanella
Inni er det rikelig plass til armbånd i bunnen og små lommer til ørepynt, ringer o.l. 
Dette blir kjekke gåver.  
Ja her er første gjengen samla, men jo bare innrømme at fleire er pågang.
Tre stykker har allerede fått nye eiere.
Kanskje eg skulle lage ein til meg sjølv også :))
Ønsker alle ei riktig god helg!