Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 31. mai 2009

På tur i pinsehelga

Det er slutten av 1. pinsedag og vi er komen til Stårheim. Har vore i Holvik på Vågsøy. Der har vi hatt syskjentreff. Både laurdag og sundag har vi vore på fjelltur. Laurdag gjekk vi frå Holvik og over fjellene til Nord-Oppedal. Idag har vi gått frå Vågsvåg og over fjellene til vi såg ned til Færestranda og var over høgda til Hendanes Fyr. Bilete frå desse turane skal eg leggje ut når vi kjem heim. På laurdagskvelden var vi på Kraftstasjonen i Måløy og hadde oss ein god middag. Denne restauranten kan anbefalast.

tirsdag 26. mai 2009

Avleggere til min kollega






I dag har det regna meir enn nok. Likevel etter at kveldens spasertur var unnagjort, som var riktig frisk og god, gikk eg ut i hagen og fann 7 forskjellige avleggare av tvetann (4) og alunrot(3). Ein god kollega av meg skal få dei. Skal bringe dei til ho i morgon kveld.






Her ein tvetann med lyse blader og lilla/rosa blomst.

Her ein med grøne blad med lys stripe og kvite blomster.






søndag 24. mai 2009






Idag er det litt pjusk ute, men ein spasertur skal eg nok ha meg. Legger ut nokre bilder frå quiltar som eg har laga
tidligere.





















Dagens quiltearbeid


I dag har eg begynt på eit vognteppe. Det har tatt litt tid før eg viste korleis eg ville ha det, men her ser de korleis eg har begynt. Trudde i utgangspunktet at eg skulle bruke ein del blonder, men har vel egentlig lagt vekk den tanken. I dei lyse felta trur eg det blir quilta abstrakte figurar eller kansje hjerter. Vi får sjå.


Eg har hengt opp eit laken på veggen bak døra på syrommet mitt slik at det kan arbeidast vidare med der det heng. Då slepp eg å pakke ned og opp ettersom eg har tid og lyst. Dette har eg praktisert i mange år og for meg fungerer det bra.

Min hage idag










Her ser de bilder fra forskjellinge bed med sammenplantinger. Det er godt voksevær og heldigvis har ikkje noko bitt ødelagt av vind og regn. Våren er ein nytelse. Vi set pris kvar ein plante på denne tida.




Kvite akeleier i full blomst.