Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 27. juni 2012

Rabarbra-limonade

Har høsta dei siste rabarbraene. Det har vore god avling i år og det meste lagar eg til limonade
Slik lager eg den:
1.5kg. rabarbra skåret i biter med skallet på
haes i kjele og slå på så mykje vatn at det dekker rabarbraene godt
1,5 kg sukker (prøv deg gjerne fram)
saft av 11-12 sitroner

alt haes i kjelen og kokes opp
la det forsette å småkoke ca 10-15 min.
siles i klede og avkjøles litt før det haes på flasker
Ikkje fyll opp flaskene heilt dersom du skal ha dei i frysen
eg fekk litt over 3 liter denne gongen
sett i frysen eller kjøleskap og ta opp etter behov
spees etter behov med vatn enten fra spring eller flaske
vatn med kullsyre kan og være ein variant
eg oppbevarer alt i frysaren

Lykke til om du vil prøve deg!

torsdag 21. juni 2012

Hei igjen

Ville berre gje eit lite vink frå meg. Det vil ikkje bli det heilt store med bloginnlegg i sommar ser det ut for. Har bestemt meg for litt bloggferie. Men av og til vil de høyre frå meg.
I begynnelsen av juni var eg på festmiddagen på landsmøte til Norges Husflidslag. Her hadde lokallagene i Sogn og Fjordane ein presentasjon av laget sitt. Det som fanga interessa mi mest, var denne strikkedama frå Stryn Husflidslag. Bare herlig i mine auge.
Min gode mann og eg har vore ein tur til Mallorca. Måtte berre sikre oss litt varme i kroppen. Ein nyelse frå vi landa til avreise heim atte. Siste dagen var det til og med overskya, så då var det ikkje like trist å reise heim atte. Ei perfekt veke med herlig temperatur, svalande vind og late dager. Seine frukoster, strandliv med kjølende dupperter i sjøen og gode måltider. Tapasmenyane var både spennaende og smakfulle. Her var det mykje å prøve seg på. Hadde oss også nokre turer inn til Palma og rusla litt gatelangs.
Ikkje alle hus står på murane sine. Denne skulpturen var litt spesiell.

Parkanleggene var smakfulle 
Været har visst vore litt i kaldaste laget når vi var borte, men no ligg det an til nokre fine dager heime. Skal nytast. Turer i skog og mark lokkar.
Handarbeidet har vore med på tur, men det får vi ta ein annan dag.

Ha gode dager!

mandag 11. juni 2012

Det blomstrer

Rhodendron har eg mange av. Har tatt nokre bilder den siste tida.
Det er voldsomt tørt i hagen min no, og det er ikkje mange dagane kvar rhodendronane blomstrar då. Har vurdert å begynne å vatne, men det er sjeldan eg gjer. Har to meter djupe myrjord mange plassar, så det pleier å gå bra. Det er store sprekker langs med bedene.
blanding av div. sorter liker eg 
eg nyt kvar einaste ein
Pieresane sin fargeprakt varer lenge
gleder meg over fargeprakta
stolheten desse viser
variasjonane i blomst og bladverk
ventar like spent kvart einaste år
samspelet
auriklar må gøymast slik at hjorten ikkje tek dei
heldt inn med veggen og under tak
kan bli litt skyggefult, men det går bra
denne sildre-tua har vore meg trufast i mange år
Fineværet fortsetter heldigvis.

Ha gode sommerdager!


torsdag 7. juni 2012

Litt meir frå sytreffet

Teppe mitt var jo i litt høstlige farger, så eg måtte ha med meg noke lyst arbeid også.
Så i tillegg til toppen til teppe, sydde eg sammen desse toalettmappene av jarekanter. Hadde gjordt litt før, så det var bare å sy i glidelås og sy saman sidene. Veldig kjekt når ein kan sluttføre noko. Har ei slik mappe sjølv og den er eg veldig glad i. Når eg ser på stoffene, kjem eg på kva anna eg har sydd av same stoffene:)
Kven som skal bli eigare av desse er framleis uvisst. Blir nok liggande i gaveskuffa på vent.
Kjekt å ha noko på lur :)
Dresdenplate er ein artig teknikk. Bladene har lagt ei stund og venta på å bli sydd saman. Tok dei med på tur og forsyne meg så fekk eg sydd dei saman også. Planen er at dei skal pryde framsida på puter til uteplassen. Må berre finne stoff til det.
I dag har vi fått likandes teperatur og mykje sol, om ikkje heile dagen. Er det sommaren som endeleg kjem? Hadde passa meg ypperlig.

Ynskjer alle gode sommerdager!

tirsdag 5. juni 2012

Syhelg deluxe

Helga har vore ein stor opplevelse. Har vore på tur ilag med kreative og syglade damer. 6 symaskiner rundt eit bord som durer og går, samtidig som det sosiale ivaretas. Kan ein ha det kjekkare. Kommentarane er mange og latterbølgene likeså.
Og du verden kva vi har fått til. Her eit lite bildegalleri:
Eli vart akkurat ferdig med denne nydelige toppen til eit sengeteppe. Mønsteret er henta frå
Resteteppet som var i Quiltemagasinet. Her med nydelige batikkstoff og mørkere bakgrunn. Heilt nydelig.

  Laila og Solveig  sydde frå samme mønsteret, men med kvar sine utrykk. Mønsteret er frå denne boka. 
Her det både applikert, stitchet i tillegg til maskinsaumen.


Solfrid, som også er huseigar til denne flotte staden vi har vore på, fekk med seg fleire årstider innan saum. Ho er ein resar på å sy løparar. Den til høgre er Rosa Natt frå AnnaKa. Den er nr. 11 i rekka. Advendtløparen har ho ikkje sydd før og der har ho brukt mange vakre lyse stoff. Blei riktig lekker.
Den røde løparen kan ein jobruke både til jul og sommar.
Åshild sydde denne flotte quilten med lyn-effekt. Mange trekanter å holde styr på.
Nydelig resultat i vakre varme stoff. Etterpå sydde ho også ei toalettveske. Effektiv :)
Til slutt min topp som det skal jobbast vidare med. Litt applikajon kjem nok til. Quilten er sydd etter inspirasjon frå ein quilt som Kari med bloggen Lilla Dør hadde med som modell på eit kurs i fjor haust/vinter. Det som kjem no blir etter eige design. Hittil måler den 140 x 190. Har brukt ulike tekstiler. Deriblant også litt av ein avlagt genser frå min mann.
God mat og sosiale pauser er veldig viktig. Når været tillot det, kosa vi oss i ein lun krok ute i solveggen, elles bles nordavinden ganske så friskt. Båtturen til å frå gjekk veldig greit.

Utsikta frå øyna var det ikkje noko å sei på. Berre å nyte mens ein kan.

Eg fekk også sydd saman litt anna, men det blir i neste innlegg.
Ser at det er mange som treng seg litt bloggpause, og ser ikkje bort frå at det kan bli litt tid mellom innleggene mine også.
I denne lyse årstida er det mangt ein håpar å få unna. Utelivet lokkar så snart sola skin. I følge værmeldingane skal vi endelig få tosifra temeratur igjen. Då veit eg i alle fall ei som skal ut i hagen igjen.

Ha gode dager!