Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 29. mai 2013

Fargerike punger

Det er lyse dager og kvelder 
og lystene seier meg at eg ønsker å sy med fargerike stoff.
Av og til må ein berre følge lystene og la pågåande arbeid ligge for å ta seg ei kvilestund.
Livet skal jo nytes, i allefall på syrommet.
Størrelsen er heilt perfekt til min Iphone 5
Den oransje har to lommer og kanskje endå meir praktisk.
 Ellers så trur eg at eg er inne i ein ugleperiode. Mange har vore der lenge, og no er eg komen etter.
 Har t.o.m. kjøpt meg uglesmykke
 
 med klokke
Ønsker alle ei fortsatt god veke!

lørdag 25. mai 2013

Sommersokker

Når ein sit på altanen ein sommarkveld,
kan det bli litt kjølig på tånane.
Då har eg tenkt at desse lobbane kan bli gode å ha.
Dei er strikka i Fabel på pinne nr.3
Mønster: Irish Dream fra DROPS Desing

 Dei er bare heilt herlige på foten.
 Har vore å snopa meir Fabel i dag.
 Funne mange flotte oppskrifter på nettet eg vil prøve.
 Når vi er på biltur og det ikkje er min tur å køyre,
er det godt med eit strikk på handa.
Då har eg det veldig bra og turen kan berre ta den tid den vil :)

 I hagen blomstrer plommetreet så det er ei fryd å sjå.
No er det spennande om det knyter seg og gir avling.
Hadde vore deilig med ein plommehaust lik den vi hadde i fjor.
Ønsker alle ei fortsatt god helg!

onsdag 22. mai 2013

Liten hendig pung

Har sett mange små hendige mapper på fleire blogger. 
Har forespørsel nettopp frå ei av mine om ein liten hendig pung til å ha i handveska 
og den skulle være fargerik
Mønsteret er fra Michelle Patterns

 Kjekk å sy og det blir sikkert fleire.

Vi har hatt gode dager i Nordfjord i helga som var.
Temperaturen låg rundt 20-27 gr. både på 17. mai og pinsehelga. 
Å ha fridagar på slike dager er balsam for skjela.
Når arbeidveka begynte sank temperaturen raskt. Heilt greit. 
Kan vi få fine helgedager, tåler eg det meste på kvardagane.

Her nokre bilder frå Nordfjord.
Bekken sildrar fint i vårsola.
 Naturen speiler seg i allsin skjønnhet.
 Ikkje alle trea er vakna av vinterdvalen og nokre hadde fått ille medfart.
 Vinter i fjellet endå, men herlig vår i låglandet, ja kanskje det likna meir på sommar, 
Denne dagen hadde vi nemlig 27 gr. i skyggen. Ein sann nytelse.

 Her på veg heimatte over fjorden med ferje.
Sjå dei majestetiske fjella.
Takk for besøket. 
KariLklem :)

mandag 13. mai 2013

Vel heime etter gode dager i Berlin

Vi har hatt gode dager i Berlin. Våren var kommen og blomstringa var ein nytelse.
Det å kunne kaste jakka og kjenne på varmen......det er jo det vi lengtar etter....eg har tjuvstarta :)
Sjølvsagt blei det mykje omkring Murenog det vart mykje ettertanker.
Mange plassar var det markert over gater og plener kvar den hadde gått.
Enkelte rester var bevart

Det var imponerande kor mykje som er renovert/bygd nytt.
 Her var det stor aktivitet og det kan ikkje være ledighet innan byggfaget. Kranane stod nærmast i kø over byggeplassane.
Nytt og gammalt gjekk hand i hand.

Vi fekk med oss mykje og min gode mann la velvillig i vei i lag med meg, for å finne ein  quilte/handarbeidsbutikk eg fant på nettet. Vi har bedre butikker her heime, men litt handel blei det.
Prisane var mest som heime, men ikkje på utstyr, her var det litt å hente.
Har ingen planer for bruken, berre kjekt å ha.
 
 No ventar eg på varmen her også 


mandag 6. mai 2013

Gåve i retur

Når mor har dag og eg spør etter ønskeliste, er svarte ofte: 
Eit broderi du likarer.
Ho er ein kløpper med nål og tråd. 
Etter at ho har kose seg med broderinga, får eg den i retur.
 Det gjenstod berre å brette inn kantane og sy fast. 
Broderiet er på lin og med  rødt perlegarn.
  No er det klar til bruk.
.Ei festremse til spisebordet her på ei seng av mose.
115 x 24 cm

Ønsker alle ei fortsatt god veke!


lørdag 4. mai 2013

Underlige dager

Det har vore litt av ei veke.  Starta med å kjøpe meg litt sommerblomster. Kva som var i vente, ante eg ikkje. Men eg merka fort då eg skulle plante i potter, at det egentlig ikkje var nokon god temparatur ute. Eg gav meg etter 5 potter. Men som du ser, berre ein dukker djupt nok ned i blomsterhavet, så føler du våren.
 Steinbedsplanter i potter pleier å gå bra. Dei tåler jo litt tørke om det skulle melde seg, men for det meste er det om å gjere at dei ikkje får for mykje vatn her hos oss. Når den er avblomstra, flytter eg den ut i steinbedet for i krukkene vil eg ha noko som blomstrer heile tida.
Rett ut for kjøkkenet står ei krukke med krydderplanter. Godt å ha og eg berre må ha fleire.
 Mandagsskvelden reiste vi til Oslo og for sikkerhets skyld sette eg pottene heilt inn til veggen under tak.
Det var kanskje ikke så dumt, for her kom det nye kvite gjester.
 Vi hadde ein fantastisk tur til Oslo. 
Målet var konsert med Bruce Springsteen. Like kjekt kvar gong. Han er eit fyrverkeri og pauser er eit fremmedord.
Vi var veldigheldig, for sjølv om det var rikelig med snø utanfor vegen over fjellet, hadde vi flaks. Ikkje mange timane etter at vi var over og vel heime, kom dei feite snøflakene dalande. Men det er ikkje første gang vi har rikelig med snø i mai.
På tur er det alltid kjekt med eit strikk. 
Hadde litt bomullsgarn liggande,og koppetuer er det alltid godt å ha.
Den første blei litt for lita og då tok eg fram ein heklekrok og la til nokre omganger.
I dag har det blitt litt baking og då er det greit å gå litt til å fra syrommet under utbaking og heving.
Det vel meg i eit nøtteskall: Litt her og litt der på ein fridag.
Trønderrose
 Mini baguetter og grovbrød.
No er det kveld og det er tid for å slenge beina høgt og slappe av.

Gjer dagane dine gode!

God helg!