Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

onsdag 27. juni 2012

Rabarbra-limonade

Har høsta dei siste rabarbraene. Det har vore god avling i år og det meste lagar eg til limonade
Slik lager eg den:
1.5kg. rabarbra skåret i biter med skallet på
haes i kjele og slå på så mykje vatn at det dekker rabarbraene godt
1,5 kg sukker (prøv deg gjerne fram)
saft av 11-12 sitroner

alt haes i kjelen og kokes opp
la det forsette å småkoke ca 10-15 min.
siles i klede og avkjøles litt før det haes på flasker
Ikkje fyll opp flaskene heilt dersom du skal ha dei i frysen
eg fekk litt over 3 liter denne gongen
sett i frysen eller kjøleskap og ta opp etter behov
spees etter behov med vatn enten fra spring eller flaske
vatn med kullsyre kan og være ein variant
eg oppbevarer alt i frysaren

Lykke til om du vil prøve deg!

7 kommentarer:

  1. Såg godt ut. Kunne godt ha tenkt meg smaka det :))) . Fortsatt go'e sommer. Klem

    SvarSlett
  2. Nå fikk jeg dårlig samvittighet, gitt:)..må innrømme jeg ikke har gjort noe med rabarbraen...huff..men dette så godt ut:))
    Nyt dagen, klem;)

    SvarSlett
  3. Dette smakar nok godt på varme dagar! Du må ha nokre prakteksemplar av rabarbra:) Eg får den dessverre ikkje til å trivast i min hage:(

    SvarSlett
  4. Dette såg godt ut. Freistar å prøve. Får ta meg ein tur til mine foreldre å sjå om dei har meir rabarbra igjen.

    SvarSlett
  5. Lekker farge;o)
    Eg reknar med at det smakar like godt som det ser ut.

    God tur, håpar det lettar til de skal reise i kveld.....

    Solklem

    SvarSlett
  6. nam nam! dette er godt! ;o)

    SvarSlett
  7. Ser veldig godt ut:)

    SvarSlett