Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

søndag 21. juni 2009

Heime igjen



Då er vi heime igjen og varme gode klede er funne fram. Likevel har eg gode solplassar i hagen, så litt tid i sola med stitchery har det blitt idag også. Litt ugras fekk eg og renska. Det var godt å få bruke hendene i molda igjen. Utpakking av den kuferten som klarte å komme med det flyet vi kom med. Den andre for til Arlanda og kjem nok ein dag.


Vi har hatt svært gode dagar på Kreta, Agia Marina. Temp. 30-37 gr. sol og deilig mat.





Vi var også å gjekk Samaria kløfta. Den er 1,8 mil lang. Fyst tok vi buss opp til eit platå som ligg på ca 1200 m. o.h. og så gjekk vi undabakke heile vegen ned til havet. Det var mykje folk som gjekk her og sko/sandaler var av ymse kvalitet. Ikkje alle var godt nok forberett på kva dei hadde gitt seg ut på. Vi hadde gode joggesko og god niste. Vurderte om vi skulle ta med fjellsko, men har snakka med andre som har gått denne turen før, og kom til at gode joggesko skulle holde. Det stemte. Vi gjorde turen unna på knappe 4 timer inkl. pauser. Når vi kom ned til havet hadde vi god tid til å bade, drikke kaldt godt øl og litt god mat. Her ser vi eit bilde frå der kløfta er på det smalaste. 3,5 meter. Ellers så var det som eit stort dalføre å gå med mykje stein, men god sti.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar