Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 1. juli 2013

Toalettveske i kveldsol

Det er sommertid. Ikkje så veldig sommerlig dei siste dagane, men av og til slår det til. I kveld titta sola fram etter ein nokså regnfull dag. Enn om det varer nokre dager.
Det blir ikkje så mykje tid til handarbeid, men eg puslar no litt likavel.
Her i vår var vi invitert til felles bursdagsfeiring for tre av damene i Sjeive Sting. Alle gjestane fekk kvar sin utfordring. Ferdig kutta stoffbitar og mønster til ei lita toalettveske. 
Her er mi ferdig.
Herlige friske stoff hadde dei valgt.
Takk til alle tre.
 Og som det ser, kveldsola kom og gleda oss.


Eit strikketøy er greit å ha for hand enten det no er foran skjermen eller på køyreturen.
Det er fleire som vil ha slike, så det er berre å fortsette.
Mønster: Hot Sunset by Drops Design
Garn: Fabel




 Det er sommar og tid for mange avslutningar og sosialt samvær hos venner,
familie og i lag med gode kollegaer.
 Ja forrige veke klarte eg to koldtbord, to grillfestar og  ein skalldyraften.
Ein kan ikkje velge vekk nokon, sjølv om det kan bli litt i tettaste laget,
for dei er alle like viktige for meg.
Sitte ute og småprate over god mat og drikke ein herlig sommarkveld
er jo det vi drøymer om heile vinteren
og då er det berre å nyte det når anledningen byr seg.
Her eit bilde frå sogespelet på Kinn eller bedre kjent som Kinnaspelet.
"Songen ved det store djup"
Like kjekt kvart år.
Takk for besøket.
Ha fine sommardager!

6 kommentarer:

  1. Så fin toalettveska di vart. Fine farger dei og. Tenk eg var så heldig at eg fekk være med på den kvelden. Forsatt goé sommer. klem

    SvarSlett
  2. Jag tycker att Du sytt en söt toalettväska av Dina tyger.

    Dollandesign

    SvarSlett
  3. Fin toalettmappe og så moro med felles sying:) Maten såg nydelig ut :)

    SvarSlett
  4. Fine ting du har laga:) Flott mønster på sokkane.
    Håpar vi snart får litt skikkeleg sommar, men det ser stygt ut...

    SvarSlett
  5. Søt toalettmappe og nydelige sokker, du har vært riktig flittig tross alle sosiale sammenkomst du har vært på:)
    Sjømaten ser himmelsk godt ut.

    SvarSlett
  6. Fina saker du visar upp.Sockarna är underbara både i färg och mönster.

    Ha en härlig sommar.
    kram Gudrun

    SvarSlett