Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
Viser innlegg med etiketten Korger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Korger. Vis alle innlegg

søndag 23. november 2014

Korger til ting og tang

Når eg ser nye teknikker på sying av korger, må eg berre prøve. 
Korger er det jo alltid kjekt å ha.

Her er utgangspunktet et kvadrat og enkel å sy.
Framgangmåten fann eg her på Seside Stitches


Har også laga nokre korger for bestemte formål

Sysaker
 Denne og ein tvilling skal holde orden på baderomsutstyr
Bestillingsverk
 Adventskorg
Den siste er ei julekorg, som kan fyllast med julegotteri eller julekaker

Ha gode novemberdager!



søndag 30. mars 2014

Fleire korger og oppskrift

Fleire korger i lin!

Inni i mellom andre prosjekt, som tar litt tid å ferdigstille, er det kjekt å sy korger.
Kjekke presanger å gi bort. Her ser du nokre av dei eg har sydd no.

 Dei blir brukt til litt etter behovet. Telysbeholder, hårstikksamler, ordner på badet, brødkorger,
ja det er bare å bruke fatasien alt etter behovet..
No begynne det å tynnes i knappelageret mitt, så desse er nyinnkjøpte på Frøken Fryd i Florø.

Fann oppskrift på denne typen korger på  ein blogg, men finn den ikkje lenger.
Har laga meg eit notis, som eg gjerne deler.Eg syr den gjerne i andre størrelser også.
Det er berre å prøve seg fram.
Lykke til om du vil prøve deg :)











onsdag 12. februar 2014

Korger til ting og tang


Fekk forspørsel om eg kunne lage nokre korger og slik blei resultatet
Har brukt lin til både bunnstoff og innerstoff.
Knapper er frå lageret mitt
og her finst det ulike knapper

Det er tydelig ein nyttig ting å ha .......fleire korger er på gang!

Gjer dagen din god!

fredag 15. mars 2013

Korger til ting og tang

Ønsket var to korger til å holde orden på ting og tang på badet.
Fargevalget var heilt opp til meg.
Dei lyse fargane lokka og det er vel naturleg no når vi går mot lysare tider.
Denne modellen har eg ikkje sydd før og det er alltid kjekt å prøve noko nytt.
Når ein først har no skjært ei remse av kvart stoff, så syr eg gjerne til så mange det er stoff til.
Det vart tre korger og endå har eg litt rester. Med litt supplering skal det nok bli fleire.
No er dei to, som var bestilt, sendt i posten. Venter spent på tilbakemelding.
 Den tredje skal eg gje bort i helga.
.
Det lysner litt kvar dag og enkelte vårtegn var begynt å vise seg her tidligare,
men no er det snø og kuldegrader igjen.
Berre vent, snart er det over....trur eg....

Takk for besøket og velkommen tilbake!

GOD HELG






mandag 25. februar 2013

Hårstrikksamler er kjekt å ha

Å holde orden på hårstrikk er alltid kjekt.
Mottakeren var veldig fornøyd. 
Enkel å sy og gjentas gjerne om det kjem fleire ynskjer:)
Tantejenter inviteres :))
 Ellers så går det i vottestrikking.
Første votten til gubben er ferdig, bortsett frå tommen då :))
Eg pleier å ta dei tilslutt.
Her ser de insida.
På turen heim frå Bergen i kveld var det atter ein nydeleg solnedgang.




Gjer dagane din gode!

torsdag 7. februar 2013

Gjenbruk av dongeri

På februar samlinga for Sjeive Sting var tema denne gangen: 
Gjenbruk
og materiale var dongeri buksebein
Solveig med bloggen  Kvardagsgleder var veiviser.
Nederste delen av eit buksebein vart klipt av og vi sydde kjekke korger.
 
 Sette på det vi ville av blonder og pynt.
Desse rosene har lagt lenge i blond/pyntebånd korga mi og no fekk dei sin plass.
 Dette var bare så kjekt at det skal nok bli fleire :))

VM i diverse vintersport er i full gang 
og då er det kjekt å ha laga seg ei korg med VM-arbeid.
Her er mi tillaga med både Drops Lima garn, en del nyste med bomullsgarn og
i dag kom det forsyne meg også ein bunt med Viking Raggen
Så får vi sjå om det blir det eg har tenkt eller om humøret endrer seg ,og då ofte ideane også.

Vår første gullmedalje i Skiskyting er på plass og ein pulsvarmar er ferdig strikka.
Som de ser, så har eg hekla eit par rosetter med bomullsgarn. 
Oppskrifta fann eg via bloggen til Kari på Lilla Dør.

Takker for alle hyggelige kommentarer. 
Set utrolig stor pris på det.
KariLklem:)



onsdag 8. august 2012

Korger i fleng

Ja eg måtte jo berre sy fleire når eg først var på gang.
Sikkert nokon som har bruk for dei :))
Har hatt mange fine turer i fjellet i sommar.
Ikkje alltid det er så godt fotovær og ikkje alltid at apparatet er med.
Her eit bilde frå Lundavarden  i Nordfjord 769 m.o.h.med utsikt over Eidsfjorden, ein del av Nordfjorden.
Vi kom oss akkurat ned igjen før regnet kom.


No er det sanketid og eg gle meg til å hauste av skogen og fjellets grøder.
Hausten er i grunnen litt hyggelig travel. Siste krampetrekningane før hauststormane og vinteren setter seg.
Akkurat no berre nyt eg livet alt eg kan :)) sjølv om ferien er over. Regnværsdagane nytes på syrommet. Her er det mange prosjekt som kan ferdigstillas og det skal også bli ein nyteslse.
Då er det veeeeeeldig lett å begynne på eit nytt.
Ønsker alle gode seinsommardager!


torsdag 2. august 2012

Prinsessa forsetter å sy toalettmapper

Det er skuleferie og vi er gode feriedager heime. Då felle det naturleg at prinsessa kjem til oss av og til
Symaskina er eit ynda tema og ho er nok inne i toalettmappe modus.
Her er den siste ho sydde
Eg har sydd nokre korger. Dei vil eg gjerne ha, var det ei som sa, og og eierskapet er fordelt.
Blir nok fleire:) 
God helg!