Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

lørdag 27. april 2013

Lørdagssysler

Det er ikkje så veldig varmt ute på altanen,
men sola skin og eg vil være der.
Det er nok til at eg vandrar mellom altanen og syrommet. 
Har lyst å være begge plassar på ein gong.
Det er lørdag og kan gjere akkurat som eg vil.

Det har ikkje vore så mykje aktivitet på handarbeidsfronten. Av og til blir det mest lesing.
Blir eg oppslukt av ei bok, kan alt utsettast enten det no er husarbeid eller anna.
Karitas av Kristin Marja Baldursdottir kan anbefalast på det varmaste.
 Ikkje berre har eg ei riktig god bok, 
men også ein god kopp te med ingefærkjeks og tranebærsjokolade.
Ute på syrommet er det ingen fast plan over aktivetane i fineværet. Må berre innom likavel.
Tar fram først det eine, ser og vender på stoffene. Kor er eg her då :)
Jo her skal det kun legges opp kant, setter nokre nåler
 Lenger borte heng det også noko som eg kunne tenke med å sysle litt med,
 men det skal få kvile litt til.
Kanskje i morra:) Då er det meld regn igjen.
 Går ein tur ut og nyt den svake varmen frå sola. Det gjer ein inderleg godt.
Drikker te og myser til sollyset.
Det ligg eit strikketøy lett tilgjengelig, godt å ha der.
Slike dager skulle ein hatt mange av.

Ønsker alle ei riktig god helg!

tirsdag 16. april 2013

Rosesokker

Ønske var desse lobbane. Ja kjært barn har mange navn og det er interessant å følgje med på bloggane kva ein kallar strikkesokker lokalt rundt omkring i landet.
Mønsteret er fra Drops Design nr. 116-53
Eg har brukt Falk fra Dalegarn
Pinner nr. 3,5


No er dei på vei i posten til mottakeren.

 Velkommen til nye følgere.
Tusen takk for alle koselige og inspirerande kommentarer
og helsingar her hos meg!
Det gjev meg inspirasjon til å fortsette med blogginga!

Gjer dagen din god!

søndag 14. april 2013

Underet skjer igjen

No trur eg at vinterens kulde er over og underet skjer igjen.
Naturen er begynt å vakne og gleda er like stor som tidligare år.
Tenk at berre å sjå småspirer kan være slik ei stor glede. Vi veit av erfaring kvar som skal skje
Det er slike in god følelse at den er vanskeleg å beskrive.

Nattlys-plantane har vakna av dvalen.
 Eg kan kjenne energien kjem tilbake i takt med at plantane vaknar frå dvalen. Ja kanskje eg og har vore i ei slags dvale.

Aurikle kjem alltid tidlig, men her har den måtte flytte til ein ikkje så gunstig vokseplass.
Hjorten ser på den som gotteri, men no bergar eg den.
 Akeleie

Prosjektet mitt veks vidare
I dag er det regn og kuling. Is og snø smeltar så ein nesten kan sjå det.
Eg nyt livet innandørs :)
 

Ha ein riktg god søndag!

søndag 7. april 2013

Kosehelg

Denne helga har vore mest til heimekos. Det gjer utruleg godt å berre ta livet litt med ro for ein gongs skuld. Finne seg sjølv. Kjenne på det gode.Ta ein tur på syrommet, gå på altanen for i sitte i sola med eit strikk, (godt innpakka i ulltepper) Kjenne eimen frå kjøkkenet der min gode mann lager smakfull mat......
åhhha......... berre nyte det.

 Så tilbake til helgas aktiviteter på syrommet.
Først sydde eg ferdig denne smykkeposen. Har lagt halvsydd lenge.
Veldig kjekke å ha smykker i på reise.
 Sydde nokre korger her forleden. Så var det for lite ruter igjen til den siste. 
Sjølvsagt blei den liggande.
Men no er den ferdig.

 På loftet til svigermor fant eg litt garn. Sjølv strikkar ho ikkje lenger, men denne resten tenkte eg det kunne bli noko av det. La opp og berre strikka fram og tilbake eit tillfeldig mønster.
Det rare var at det ente opp som en rombe.
 Med ei nål til å samle endane går det jo fint an å bruke det som sjal. 
Sjølvsagt skal svigermor få det.
 Og endelig har eg tatt fram eit anne ufullført prosjekt.  
No er det om å gjere at eg klarer å fortsett og ikkje bli frista til å begynne på noko nytt.
Det er eg superflink til.
Uansett eit strikk eller to må ein ha inn i mellom.
Eg har det godt og håper du også har det.
Ynskjer alle gode dager!

tirsdag 2. april 2013

Pay it Forward


I fjor sommar melde eg meg på "Pay it forward" hos Laila. med bloggen Stofftausa
Det gjer ikkje noko at det har tatt tid. Då føler ein ikkje noko tidspress sjølv og ein har jo 12 mnd, på seg og då kan det lett bli ein ekstra overraskelse for mottakeren.
Sjå kor heldig eg var.
Det er ikkje mange dagane sida eg tenkte at no kunne eg godt sy meg ei ny toalettveske.
Av og til må ein berre lure på kva er det som skjer rundt meg.
Dette var jo heilt topp :))
Fletteteknikken heiter Meshwork
Eg har aldri prøvd den så dette var ei kjær gåve.




Og no er det mi oppgåve å bringe denne leiken vidare.
Eg håpar det er tre stykker der ute som kan tenkje seg å motta ei heimelaga gåve frå meg innan eit år.  Mottakaren må så, innan 12 månader, sende ei heimelaga gåve til tre nye personar.
Dette er min 1. PIF, og eg kvir meg ikkje på å melde meg på fleire.


Har du lyst til å bli med??
Legg igjen ein kommentar og meld deg på.

http://1.bp.blogspot.com/-uTNDJDTVwBk/T_xbPZljKPI/AAAAAAAABk4/2XXq786tbU4/s1600/PayItForward_thumb%255B1%255D.jpg

mandag 1. april 2013

Siste dag i påskeferien

Ja no er det siste dagen av denne påskeferien. 
Den har vore innhaldsrik og variert.
Godt å ha tid til både byferiedager, heimekos, fjellet 
og kunne ta seg av dei som havner på sykehus.

Her er nokre bilder frå dagen vi hadde på fjellet. 
Sola var varm og god og det sildra frå takrenna.

 Ikkje kvar dag ein ser slike trerenner


 
 Grilla pølser høyrer vist med for enkelte.
Eg stod over.
Heilt til i går har jo hatt eit eneståande fint vær og då blir det fine solnedganger.

Gårsdagen gløymer eg galant. Det snødde nesten heile dagen. No må det snart være nok.
Men det blei ein god handarbeisdag. Det kjem eg tilbake med om litt.

Før påske kjøpte eg nokre
romantiske roser
 
 Ikkje alle var like heile i stilken når eg kom heim
og då vart det litt småpynt også :)
No er det kvardagen som står for tur 
og første dagen skal eg være med å feire ein stor dag.
Ha gode dager!