Då vart eg ferdig før påske og det i god tid. Vinterkappa har eg nekta å ta ned før eg hadde sydd noke nytt.
Derfor måtte eg bli ferdig før påske, og her er den.
Tidlegare hadde vi to kjøkkenvindu ved sida av kvarandre, men no er det eine ombygd til verandadør, og då er det jo meir overkommelig når det berre er ei kappe å sy.
Likevel så har eg fundert lenge på kva mønster eg skulle velge. Fant ikkje noko eg skikkeleg beit på. Den skulle i alle fall sleppe inn mest mulig lys, så eg fann fram litt lyse stoff.
Fant også eit ark med fuglar, roser og hjerter. Plukke det eg hadde lyst til å bruke. Trur eg har fått det på eit kurs med Anne B. Finnestad. Ting har liksom gått seg til undervegs. Lurer på kva eg skal lage av alle dei rutene som ikkje vart brukt :)
Det sneik seg inn litt romantikk. Det er jo vår.....
Vi har hatt ein strålande dag i dag. La oss håpe på litt finevær i morgon også. Vi treng det. Det å kunne sitte ute i sola og berre nyte det.... ja kanskje med eit handarbeid lett tilgjengelig inn i mellom.... balsam for meg.
Ønsker alle ei riktig god helg!
Denne var skikkelig flott og sommerlig. Bra jobbet ;-)
SvarSlettVerkeleg flott gardinkappe.
SvarSlettKjekt å fornye kjøkkenet til den lyse årstida.
Ha ein fin søndag ;)
Så koselige kapper og motiv;)
SvarSlettFlott kappe!
SvarSlettSo fint med dei fuglane.
Me har òg hatt strålande vèr i dag....so etter jobb måtte eg berre vere ute. Vurderte ei stund å ta ut symaskina, men kom ikkje so langt.
Kjempe flott gardinkappe. Håper det blir mange solskinnsdager framover no. God helg:-)
SvarSlettSånn ei søt og koselig gardin-kappe!
SvarSlettDen kappen var nydelig, og må si at innslaget med fuglene og romantikken var bare skjønt.
SvarSlettLekre farger du har valgt.
Gratulerer med nye og flott gardinkappe. Du er go'e . Klem
SvarSlettWow, så flott gardinkappe, og for eit nydeleg arbeid :) Ha ein flott søndag.
SvarSlettDu fikk sannelig vårstemning på kjøkkenet; flott kappe! Alltid godt å skifte til lysere og lettere når vårsola kommer.
SvarSlettHer er det regnfritt idag, ikke verst;)
Nyt siste rest av helg, klem fra mæ;)
For ei nydeleg gardinkappe! Alltid kjekt med fornying på gardinfronten ;)
SvarSlettMange takk for hyggelig telefonprat.
SvarSlettGardinkappen ble aldeles nydelig...så flink du er!