Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.

mandag 1. april 2013

Siste dag i påskeferien

Ja no er det siste dagen av denne påskeferien. 
Den har vore innhaldsrik og variert.
Godt å ha tid til både byferiedager, heimekos, fjellet 
og kunne ta seg av dei som havner på sykehus.

Her er nokre bilder frå dagen vi hadde på fjellet. 
Sola var varm og god og det sildra frå takrenna.

 Ikkje kvar dag ein ser slike trerenner


 
 Grilla pølser høyrer vist med for enkelte.
Eg stod over.
Heilt til i går har jo hatt eit eneståande fint vær og då blir det fine solnedganger.

Gårsdagen gløymer eg galant. Det snødde nesten heile dagen. No må det snart være nok.
Men det blei ein god handarbeisdag. Det kjem eg tilbake med om litt.

Før påske kjøpte eg nokre
romantiske roser
 
 Ikkje alle var like heile i stilken når eg kom heim
og då vart det litt småpynt også :)
No er det kvardagen som står for tur 
og første dagen skal eg være med å feire ein stor dag.
Ha gode dager!


3 kommentarer:

  1. Ser du har hatt ein fin dag. Ja, no er fridagane over, alle reist kvar til sitt og kvardagen begynner igjen. Lykke til med feiring av stor dag.

    SvarSlett
  2. Ser ut som du har hatt ei flott og variert påske. Goé veke start til deg. klem

    SvarSlett
  3. Ja, det har vore ei flott påske:) Det gir ro i sjela ved å komme seg ut i naturen.

    SvarSlett