Velkommen til bloggen min og vil du legge igjen ein kommentar eller helsing, set eg stor pris på det.
Viser innlegg med etiketten Strikkesokker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkesokker. Vis alle innlegg

mandag 1. juli 2013

Toalettveske i kveldsol

Det er sommertid. Ikkje så veldig sommerlig dei siste dagane, men av og til slår det til. I kveld titta sola fram etter ein nokså regnfull dag. Enn om det varer nokre dager.
Det blir ikkje så mykje tid til handarbeid, men eg puslar no litt likavel.
Her i vår var vi invitert til felles bursdagsfeiring for tre av damene i Sjeive Sting. Alle gjestane fekk kvar sin utfordring. Ferdig kutta stoffbitar og mønster til ei lita toalettveske. 
Her er mi ferdig.
Herlige friske stoff hadde dei valgt.
Takk til alle tre.
 Og som det ser, kveldsola kom og gleda oss.


Eit strikketøy er greit å ha for hand enten det no er foran skjermen eller på køyreturen.
Det er fleire som vil ha slike, så det er berre å fortsette.
Mønster: Hot Sunset by Drops Design
Garn: Fabel




 Det er sommar og tid for mange avslutningar og sosialt samvær hos venner,
familie og i lag med gode kollegaer.
 Ja forrige veke klarte eg to koldtbord, to grillfestar og  ein skalldyraften.
Ein kan ikkje velge vekk nokon, sjølv om det kan bli litt i tettaste laget,
for dei er alle like viktige for meg.
Sitte ute og småprate over god mat og drikke ein herlig sommarkveld
er jo det vi drøymer om heile vinteren
og då er det berre å nyte det når anledningen byr seg.
Her eit bilde frå sogespelet på Kinn eller bedre kjent som Kinnaspelet.
"Songen ved det store djup"
Like kjekt kvart år.
Takk for besøket.
Ha fine sommardager!

lørdag 25. mai 2013

Sommersokker

Når ein sit på altanen ein sommarkveld,
kan det bli litt kjølig på tånane.
Då har eg tenkt at desse lobbane kan bli gode å ha.
Dei er strikka i Fabel på pinne nr.3
Mønster: Irish Dream fra DROPS Desing

 Dei er bare heilt herlige på foten.
 Har vore å snopa meir Fabel i dag.
 Funne mange flotte oppskrifter på nettet eg vil prøve.
 Når vi er på biltur og det ikkje er min tur å køyre,
er det godt med eit strikk på handa.
Då har eg det veldig bra og turen kan berre ta den tid den vil :)

 I hagen blomstrer plommetreet så det er ei fryd å sjå.
No er det spennande om det knyter seg og gir avling.
Hadde vore deilig med ein plommehaust lik den vi hadde i fjor.
Ønsker alle ei fortsatt god helg!

tirsdag 16. april 2013

Rosesokker

Ønske var desse lobbane. Ja kjært barn har mange navn og det er interessant å følgje med på bloggane kva ein kallar strikkesokker lokalt rundt omkring i landet.
Mønsteret er fra Drops Design nr. 116-53
Eg har brukt Falk fra Dalegarn
Pinner nr. 3,5


No er dei på vei i posten til mottakeren.

 Velkommen til nye følgere.
Tusen takk for alle koselige og inspirerande kommentarer
og helsingar her hos meg!
Det gjev meg inspirasjon til å fortsette med blogginga!

Gjer dagen din god!